Kva er liberal teologi?

Til tider oppstår det debatt om kva som er liberal teologi. I det siste har det vore tendensar til dette knytt at pinsevennen Terje Hegertun, som er nyleg pensjonert professor ved MF, har endra syn når det gjeld homofilt samliv og likekjønna «ekteskap». Han meiner seg å innta eit «mellomstandpunkt» i dette spørsmålet, men realiteten er at han går inn for det nye synet, og argumentasjonen er i all hovudsak tilsvarande den andre på den liberale sida fører. Utgangspunktet er mennesket si erfaring.

Det vi gjerne omtalar som «klassisk liberal teologi» er den vi kjenner frå tidleg på 1900-talet, og som var ei fornekting av sentrale kristne dogme og Jesu undergjerningar. Nokre gonger får vi inntrykk av at dette er «den» liberale teologien, og at det som ikkje samsvarar med slik teologi, ikkje kan nemnast som liberal. Dette er for snevert og misvisande.

Liberal teologi har si historie frå 1700-talet og fram til vår tid. Det saklege innhaldet i slik teologi har variert, og vil koma til å variera. Det er likevel to forhold som går att, og som er kjenneteiknet på liberal teologi, same kva det faktiske innhaldet er.

Det er eit ønskje om å koma menneska i si samtid i møte, slik at dei kan koma til tru på Gud. Den liberale teologien har slik sett eit bestemt apologetisk sikte. Intensjonen er altså god. Det vert likevel galt, når dette engasjementet fører til at ein når mennesket med ein annan bodskap enn den bibelske, altså at ein går utanom eller ut over Skrifta.

Det andre momentet er at ein opptrer liberalt i forhold til Bibelen. Ein kjenner seg fri i forhold til slik Guds ord møter oss i Skrifta. Denne fridomen kan koma til uttrykk ved at ein set til sides det som ikkje passar inn i tida og folk si oppfatning, eller at ein nytolkar og omtolkar den bibelske bodskapen. Ein les og tolkar Bibelen slik at ein får ein bodskap som passar inn i tida. For å unngå merkelappen liberal, understrekar ein gjerne at ein orienterer seg ut frå Bibelen og legg vinn på å vera bibeltru, men ein kjem like fullt ut med ein ny og bibelframand bodskap.

Nokre gonger går den liberale teologien direkte på sjølve gudstrua og kven Gud er, andre gonger på kristne dogme og spesifikk kristen tru eller det går på verdispørsmål og etikk. I vår tid opptrer den liberale teologien med ein skaparteologi som oppløyser det spesifikke i bibelsk skapingslære og erstattar denne med ei eller anna form for evolusjonslære, og som fylgje av det med ny etikk der skaparteologien dannar basis. Dette gjev seg særleg utslag i forståinga av kjønn, seksuelt samliv og ekteskap.

Når ein opnar for anna seksuelt samliv enn det som skjer i ekteskapet mellom mann og kvinne, er ein per definisjon liberal teolog. Det same gjeld når ein seier homofilt samliv ikkje er synd, og når ein opnar for likekjønna «ekteskap». Ein er då liberal, fordi ein opptrer fritt i forhold til den bibelske bodskapen slik den kjem fram etter tekstane sin direkte ordlyd, altså den naturlege litterære meininga.   

Vi skal ikkje bruka nemninga «liberal teologi» eller «liberal teolog» lettvint eller i utrengsmål. Karakteristikken er så alvorleg at vi ikkje skal føra all teologisk usemje inn under denne nemninga, men vi skal heller ikkje avgrensa ordet «liberal» berre til ein bestemt type teologi. Vi skal bruka nemninga for å få fram alvoret i avvik frå bibelsk sanning, særleg når dette avviket har sin grunn i at ein har frigjort seg frå den bibelske bodskapen og den bibelske ordlyden.

I dag møter vi altså liberal teologi særleg når det gjeld skapingsteologi og etikk. Dette har vore øydeleggjande for store delar av Den norske kyrkja, og det vil trengja inn på bedehuset og i frikyrkjene. Det må vi stå imot ved å tala om saka med det alvoret ho fortener.

I leiarartikkelen i Dagen 28. januar gjer sjefredaktør Vebjørn Selbekk dette på ein svært god og tydeleg måte i forhold til professor Terje Hegertun sin argumentasjon og dei nye standpunkta han har innteke i samlivsetikken, og kva innverknad dette kan ha i pinserørsla og andre frikyrkjelege samanhengar. Med det plasserer redaktøren også avisa tydleg i denne samanhengen, og det takkar eg for.

Johannes Kleppa

foto: adobe stock