Individualisme – sjølvsentrert eller samfunnsorientert

Individualisme er i utgangspunktet positivt, fordi det har sitt opphav i at mennesket er skapt i Guds bilete som sjølvstendige personar med den statusen og dei pliktene det gir. Mennesket står som individ ansvarleg for Gud og kan ikkje gøyma seg bakom eller skulda på andre. Det gir også mennesket del i det som ligg i menneskerettane, og kvar einskild er forplikta på samvitet sitt.

Denne positive individualismen kan lett tippa over i det sjølvsentrerte, og det heile kan enda i egoisme. Det skjer når fellesskapet ikkje vert teke på alvor eller respektert. Mennesket vart ikkje berre skapt i Guds bilete som einskildperson, men det vart samstundes skapt til samfunn med Gud og menneske, og med det til teneste for andre. Det siste kjem særleg til uttrykk ved at mennesket vart skapt i Guds bilete som mann og kvinne, slik at ein skulle utfylla kvarandre, hjelpa kvaraandre og vera eitt i ekteskapet.

Dei siste tiåra har det vore ei sterkt individualistisk dreiing på bekostning av normer og fellesskap. Mennesket har kome i sentrum på ein sjølvsentrert måte. Vi har fått det vi kan kalla ein postmoderne individualisme. Denne er prega av kjensler og kva ein finn godt og rett for seg sjølv. Det skjer ei sterk orientering ut frå seg sjølv, og vi finn det på alle livets område.

Det første og kanskje mest grunnleggjande er at moralen har vorte individualisert. Materialismen er kanskje det aller sterkaste uttrykk for dette. Folk vil ha stadig meir, og ein vil i all hovudsak bruka det på seg sjølv, og meiner ein fortener det. For å sikra seg materielt vil ein på toppen av det heile at staten skal gje garantier for å gje all den hjelpa individet ønskjer, og ein meiner seg å ha personleg rett til det.

Den postmoderne individualismen har kanskje sine aller største konsekvenser på det samlivetiske området. Det gjeld ikkje berre med tanke på homofilt samliv, men korleis ein totalt sett tenkjer om samliv, kjønn og seksualitet. Det vert einsidig tenkt ut frå eigen legning og eigne behov, og ein meiner seg å ha rett til å leva ut sin seksualitet slik det passar ein sjølv – så sant det ikkje direkte skader andre. Kva som er rett og godt i eit større perspektiv, for samfunn, familie og barn, er ikkje tillagt avgjerande vekt. Individualismen vert til det einerådige.

Den postmoderne individualismen møter vi også i den kristne forsamlinga, ved at folk har vanskeleg for å ta ansvar og forplikta seg. Ein let eigne behov og ønskje gå føre den kristne forsamlinga og åndslivet som skjer der. Ein møter fram når det passar, og ein tek oppgåver ad hoc og gjerne slik at ein får realisert seg sjølv. Ein vel gjerne også kristen forsamling ut frå kva ein finn greiast for seg sjølv, ikkje ut frå kor ein kan få tena på beste måte eller ut frå kva som vil vera best for å nå folk med Guds ord til frelse. Kristenlivet vert på denne måten sjølvsentrert, og det fører over tid til eit åndsfattig gudsliv.

Også samfunnet vert prega av den same sjølvsentrerte individualismen. Det gamle slagordet «gjer di plikt og krev din rett», har vorte erstatta av krav om rettar og garantier. Samfunnet vert stadig meir juridifisert, regulert av lovar og reglar for stort og smått, fordi individualismen har vorte egoistisk. Då må forholdet til nesten lovregulerast. Det heile fører til eit hardt og kaldt samfunn. Juss kan ikkje føra til varme. Det kan berre det mennesket som finn sin plass i samfunnet i teneste for andre.

Vi gjer klokt i å gå tilbake til skapinga og sjå kva vi vart skapte til. Vi gjer også klokt i å sjå på korleis Jesus prioriterte og var i forhold til andre menneske, og ha han som førebilete. Då vert det sunn individualisme med gode familiar, misjonerande forsamlingar og eit varmt samfunn.

Johannes Kleppa

foto: adobe stock