Våpen skaper fred

Vi lever i ei underleg og turbulent tid her i Vesten. Mykje skjer på kort tid både av godt og vondt. På det moralske planet, særleg det som gjeld kjønn og samliv, er det meste i full oppløysing. Galt vert gjort til rett. Fast biologi vert erstatta av flytande kjensler. Naturen får ikkje sin rett. Fornufta synest å ha gått tapt.

På eitt området synest det samstundes å skje ei realitetsorientering. Det gjeld spørsmålet om krig, og kva våpen skal tena til. Ein gong før her i landet har det skjedd ei tilsvarande realitetsorientering, men då var det for seint. Det var i 1940, men då var den tyske okkupasjonsmakta alt i landet. Det var «det brukne våpens politikk» som hadde vorte ført, med ei naiv oppfatning om at det ikkje ville verta meir krig i Europa. Då ein stormannsgal mann kom til makta i Tyskland, låg vegen open inn i landet vårt. Nokre tok kampen opp, men det var andre som i realiteten måtte nedkjempa Nazi-Tyskland, og med det frigjera Noreg.

No har vi på nytt fått ein storkrig i Europa, og den skjer nesten på dørstokken vårt. Vi er nabo til angriparen, og om Russland vinn over Ukraina, kan det få store konsekvenser for Europa, inkludert for landet vårt. Det synest som dette har ført til at mange har vakna, og over natta vart Noregs våpen- og krigspolitikk radikalt endra. Det var ein innarbeid doktrine at Noreg ikkje skulle selja våpen til land som var i krig. Angriparen og forsvararen, den urettferdige krigen og den rettferdige krigen, vart behandla likt. Etisk sett var det eit merkeleg og uhaldbart standpunkt, fordi det i realiteten var til støtte for den som førte angrepskrig. Det gav inga hjelp til den som rettmessig skulle forsvara seg.

Plutseleg, praktisk talt utan debatt eller utgreiing og faktisk tverrpolitisk var det semje om å hjelpa Ukraina med krigsutstyr, inkludert avanserte våpen. Noreg tek gamalt og nytt av sine lager og sender til Ukraina, og ein løyver milliardbeløp til kjøp av nye våpen for at Russland ikkje skal få vinna sin okkupasjonskrig. Etter mitt etiske skjønn er dette rett og godt, fordi ein med det støttar ein rettferdig krig, altså Ukraina sin forsvarskrig. Det er no nesten umogleg å vera mot Nato, i alle fall praktisk sett, om ein vil reknast som ein ansvarleg politikar.

Det påfallande er at så lenge krigen er på avstand, har ein ei naiv haldning til krig og våpen, og ein etikk som ikkje svarar til realitetane. Når ein får krigen inn på livet, forsvinn pasifisme og urealistiske haldningar til krig og våpen nesten som dogg for sola. Det skjer ei realitetsorientering i tanke, språkbruk, haldning og handling.

I kraft av å vera Nato-sjef sa Jens Stoltenberg nettopp at «våpen skaper fred». Han erkjente samstundes at det ville han nok ikkje ha sagt som AUF-leiar. Faktisk vegra statsministeren seg for å bruka same orda, men sa i realiteten det same med andre ord – og i handling har han vist at også han tenkjer slik når det gjeld Ukraina. Det er berre om det er slik, at Nato-sjefen kan be om meir våpen til Ukraina og om større satsing på militært forsvar, og Noreg kan fylgja det opp.

Den norske forsvarseksperten Palle Ydstebø peika for litt sidan på at ukrainarane ikkje snakkar om fred, men om siger. Slik må det vera, om ein rettferdig krig skal føra til rettferdig fred. Også i Noreg tenkte ein på denne måten i 1945. Om ikkje heile Noreg hadde vorte frigitt og etter krigens slutt kunne halda fram som udelt og sjølvstendig rike, ville det ikkje vore ein rettferdig fred.

Det er bra det skjer ei realitetsorientering med tanke på krig og våpen, og vi får vona denne ikkje forsvinn den dagen Ukraina har vunne sin krig og fått rettferdig fred. Når den tida kjem, som vi må arbeida for og be om, får vi også vona at det skjer eit etisk arbeid med krigs- og militæretikk, og at ein då legg Bibelens realistiske vurdering av syndefallets konsekvenser og Guds gode vilje til grunn for tenkinga.

Johannes Kleppa

foto: Adobe stock