Helga 4.-6.november har Even Ydstebø hatt møte i Herøy på Sunnmøre. Han har besøkt Bø og Sande bedehus. Dette bedehuset ligg i nærleiken av Torvik – ein av stoppestadane til hurtigruta. Det kom folk frå fleire bygder desse dagane.
Ein fin flokk møtte opp på bedehuset og fekk høyre om nokre som var på leiting etter Jesus. Vi fekk høyre om Nikodemus som kom til Jesus om natta, om grekarane som gjerne ville sjå Jesus og fleire andre som kom til Jesus.
I morgon reiser Even vidare til Giske. På måndag og tysdag skal han også besøke to kristne skular, Møre barne – og ungdomsskule, Ålesund og Møre barne – og ungdomsskule, Skodje.
Onsdag og torsdag går ferda vidare til Longva og Haramsøy. Møteturneen avsluttast i Ørsta helga 11.- 13.november. Her skal det vere song- og musikkhelg. Elisabeth Gjerde, songgruppa Adonai frå Valderøy, Linda og Paul Arne Ulstein og Edvin Ydstebø er songarane som besøker Ørsta bedehus.
Ver med å be for samlingane på Sunnmøre desse dagane !
Ståle Tønnesen