Trua og nådemidla

Trua er uhyre sentral i kristentrua. Det heiter om Abraham at han trudde Gud, og det vart «rekna han til rettferd» (Rom 4,3). Slik er det med oss også. Ved tru vert vi rettferdige for Gud. Då er det avgjerande at vi har denne trua, og då må ho skapast. Då vert det også avgjerande kva det er som skaper denne trua, og kva ho er retta mot og faktisk inneheld. Då vert nådemidla avgjerande.

Problemet vårt er at Gud er heilag og vreid på synd, og at vi er syndarar. Då må det gjerast noko med synda, for at vi skal unngå Guds dom. Det ordna Gud ved å senda Sonen sin til jorda, leggja synda vår på han på krossen og der ramma han med all sin vreide og dom. Då skjedde soning for synda, og verda vart forsont med Gud. Dette var noko som skjedde i den treeinige Gud og utafor mennesket. Sjølv om lidinga, døden og oppstoda var synleg, var sjølve forsoningsverket usynleg. Ingen kunne sjå syndene på Jesu lekam, og ingen kunne sjå Guds domshand over krossen

Dersom det ikkje hadde skjedd noko meir, ville ingen vorte frelst. Forsoningsverket ville vore forgjeves. Det var avgjerande at vi fekk kunnskap om det som skjedde på krossen, og det fekk vi ved Andens openberring ved Guds ord. Denne kunnskapen og denne openberringa er berar av Andens kraft, slik at det kan skapast tru på forsoningsverket, slik at dette vert tileigna til personleg rettferdiggjering. Dette er evangeliet. I tillegg openberrar Anden for oss at vi er syndarar som treng forsoning og syndstilgjeving, og det er Andens verk ved Guds ord som lov.

Vi omtalar Ordet og evangeliet som nådemiddel, fordi Gud ved dette midlet viser oss den nåden at han skaper tru i hjarta vårt, og med det formidlar den nåden som ligg i forsoninga, til oss, slik at vi vert rettferdiggjorde ved tru. Nådemidla – Ordet, dåpen og nattverden – er med det heilt nødvendige for at mennesket skal verta frelst – og då særleg Ordets forkynning.

Vi kan ikkje skapa trua i vårt eige hjarta, og vi kan heller ikkje ved fornuft og argument framskaffa tru hjå andre. Det kan berre Gud. Det er eit Andens under kvar gong det skjer. For oss er det eit mysterium at trua vert skapt i nokre menneske, men ikkje i andre – trass i at dei har same oppveksten, eller at dei lyttar til same forkynninga. Kvifor det er slik, maktar ikkje vi forklara, fordi det ikkje er openberra for oss. Det høyrer den skjulte Gud og den skjulte Guds råd til. Det må vi slå oss til ro med.

Det vi har fått openberra, er at Gud skaper trua ved nådemidla, at Ordet om krossen er ei Guds kraft til frelse. Med det veit vi kor vi skal gå for at trua kan skapast. Vi skal gå til nådemidla, og vi skal særleg leggja vinn på å høyra Ordet forkynt. Vi veit med det også kva vi skal gjera for at andre kan koma til tru. Vi skal forkynna Guds ord til dei, og difor må det alltid vera hovudsaka og spissen i alt misjonsarbeid og forsamlingsarbeid.

Trua veks ikkje fram i eit tomrom, men ved openberring ved Ordet av Jesu frelsesverk. Det nyttar altså ikkje å snakka om tru, utan at vi held det saman med nådemidla. All tru utafor nådemidla er religiøsitet eller avgudsdyrking. Den trua som vert rekna oss til rettferd, kjem ved nådemidla.

Johannes Kleppa