Centro Sarepta og ungdom

I alt kristent arbeid er det viktig å ha kontakt med ungdom og få dei med i arbeidet. Slik er det også for Misjon Sarepta, og vi er glade og takksame for at det er relativt mange unge med i arbeidet. Det gjeld både gjevarar, støttemedlemmar, forkynnarar og andre som er aktivt med. Rett nok er det slik at ein alltid ønskjer at fleire unge skulle vore med.

Eg er for tida på Centro Sarepta, og også her er det kontakt med mange unge, trass i at vi ikkje har ordinære elevar ved bibelskulen dette året.  Derimot har vi to unge danske volontørar, som er eit svært positivt innslag på senteret.

Det som i år gjer at vi har kontakt med mange ungdomar på senteret, er at fleire kristne skular har lagt ei veke hit. Det varierer kor store grupper dette er, og det varierer korleis opplegget er. Nokre deltek på delar av undervisninga og i det diakonale arbeidet, og har elles ulike typer opplegg og aktivitetar. Andre står for praktisk talt heile opplegget sjølv. Uansett får elevane kontakt med Centro Sarepta, og dei får kunnskap om Spania og Sarepta sitt arbeid her. Gjennom året utgjer dette ei nokså stor gruppe. Denne veka har vi hatt ei lita, men flott gruppe frå Tryggheim Strand.

Det vert spennande å sjå om vi klarer rekruttera unge til bibelskulen ved senteret framover. Koronapandemien gjorde at vi ikkje fekk besøkt skular sist vinter, og med det i stor grad var hindra i PR-arbeidet. Vi satsar på eit langt betre rekrutteringsarbeid med tanke på neste skuleår. Det er to «typer» studentar som er moglege. Det eine er dei som vil konsentrera det om rein bibelskule og få eit annleis år med opphald og utreiser i Spania, og ta alle kostnadene med det på eiga hand. Det er fullt mogleg med dei prisane som er her. Den andre gruppa er dei som vil kombinera bibelskule med nettbaserte studier i eitt eller fleire fag, og med det få studielån og stipend. Det er eit utal av fag som det er aktuelt for.

Vi lever i eit samfunn med uhyre sterk påverknad når det gjeld ideologi, livssyn og religion. Det aller meste av dette går sterkt imot kristen tru og tenking. Det gjeld for oss alle, men aller mest for unge menneske, og kristne ungdomar er ikkje noko unnatak. Presset kjem frå det mediesamfunnet som omgjev oss, ikkje minst internett og sosiale medier, og elles frå samfunnet, kulturen og politikken generelt. For ungdom kjem det også i svært stor grad via skulegang og universitetsstudier. Situasjonen har her endra seg enormt på få år, og foreldregenerasjonen anar ofte ikkje kva press ungdomane deira er utsette for, og gjev med det ikkje nødvendig oppbakking i den samanhengen.

Kristne ungdomar bør sterkt oppmodast til å skaffa seg solid kristen kunnskap til å møta utfordringane i studia med. Det bør skje via forkynning og undervisning i den kristne forsamlinga, via kristne skular på alle nivå – og ikkje minst via bibelskular. I denne samanhengen meiner vi det opplegget vi har ved Centro Sarepta, er eit svært godt alternativ, jfr. det som ligg på nettsida til Centro Sarepta om dette.

Kristne foreldre og kristenfolket i det heile må tilskunda og hjelpa unge kristne til kristen kunnskap og til å utvikla ein kristen personlegdom med integritet. Det bør også stå høgt på bønnelista.

Johannes Kleppa