Stat med ideologisk maktvilje

I fredstid har vi truleg aldri hatt ein stat med så sterk ideologisk maktvilje som no. Regjeringa brukar både lovmakt og økonomimakt i sitt ideologiske råkjør. Under siste verdskrig prøvde den nazistiske styresmakta seg på ideologisk omforming og einsretting av folket, og brukte sine maktmiddel til det. Det stod folket imot i nokså samla front, så okkupasjonsmakta og naziregjeringa mislukkast. Motstanden var grunna på kristen tenking, som då også prega lovverket. I dag er situasjonen ein heilt annan.

Støre-regjeringa er svært ideologisk styrande. Det har i og for seg Ap-regjeringar alltid vore, men sjeldan i så sterk grad som no. Nokre av statsrådane er reine ideologiske og livssynsmessige aktivistane, og statsministeren let dei vera det. Det har vi særleg sett med tanke på framlegg til lovforbud mot det som vert kalla konverteringsterapi, men som grip langt inn i vanleg sjelesorg og forbøn. Her dreier det seg altså om lovmakt i ideologisk teneste, og då for å undergrav og nedkjempa kristen tenking og praksis.

Det statsbudsjettet som nett vart lagt fram, viser ei tilsvarande økonomimakt brukt over eit vidt speker. Det skjer ved velsigning av ein finansminister frå Senterpartiet. Dette viser at når ein plasserer seg på den politiske venstresida, går ein automatisk i ideologisk teneste for den tenkinga at staten veit best, og at den kristne kulturen er ein klamp om foten. Forstår ikkje folk sitt eige beste, må staten læra dei det – og om nødvendig tvinga dei. Diverre viser det seg at nesten all regjeringsmakt går i denne leia. Vi såg det også med Solberg-regjeringa, der særleg helseministeren var ideologisk aktiv på livssynsområdet.

Det som alltid først vert ramma frå den ideologiske tenkinga som kjem frå venstresida, er oppseding og undervisning. Kristne friskular er difor som raudt flagg, som kallar til innsats for å få desse bort. No er det slik at foreldra si oppseding av borna sine og med det livssynsbaserte skular, er verna av internasjonal lovgjeving med basis i menneskerettane. Det er med det avgrensa kor mykje lovmakt ein kan bruka mot desse. Då står det att å bruka økonomimakt. Det skjer på ein uvanleg sterk måte i framlegget til statsbudsjett, og det vil vera uhyre vanskeleg å få endra på dette, sidan budsjettet vil få støtte frå venstre i forhold til regjeringa.

Den same tendensen ser vi ved reduksjon i støtte til kristne organisasjonen som arbeider innan diakoni, særleg rusfeltet, og overfor ungdom. Støtte vert fjerna, og det heile vert byråkratisk vanskelegare. Der det er snakk om kjønn og kjønnsidentitet er den ideologiske kampen ekstra sterk. Staten grip inn på livssynsområdet, der han ikkje har noko mandat, endatil med trussel om straff. Staten legg press på folk sitt samvit, og med det er det diktatoriske og tyranniske tendenser i både lovmakt og økonomimakt.

Vi har også sette kristendommen misbrukt i denne samanhengen. Går vi til Spania har det vore tydeleg ved at staten har støtta seg på Den katolske kyrkja, og denne kyrkja har brukt denne posisjonen til eiga vinning, der bibellesing og evangeliske forsamlingar har vorte motarbeidde. Det er framleis tendensar til dette. Vi ser det også i dagens Russland i forholdet mellom den ortodokse kyrkja og president Putin. Vi har også hatt tendensar til dette her på berget ved at statskyrkjeordninga har skapt vanskar for kristne utafor statskyrkja og for andre konfesjonar.

Alt dette viser at det er svært viktig at statens mandat, funksjon og makt vert drøfta på eit overordna plan. Til meir lovmakt og økonomimakt staten ved regjeringa tiltek seg, til større vert samvitspresset. I vår avkristna tid vil presset gå i ikkje-kristen og anti-kristen retning. Dette bør vi vera oss medvitne, og det må særleg tilleggjast stor vekt med tanke på bruken av røystesettelen ved val.

Johannes Kleppa