Velkommen til Bibelhelg for unge-voksne 4. – 6. november 2022!

Vi har endeleg gleda av å invitere til ny bibelhelg for unge-voksne på Jønnbu Fjellkyrkje i Bø i Midt-Telemark. Leirstaden ligg vakkert til i Lifjell, 17 min frå Bø sentrum der det er gode tog- og bussforbindelsar. Denne bibelhelga er lagt inn under organisasjonen Sarepta, og alle er hjarteleg velkommen uansett bakgrunn eller tilhørigheit.

Vi i komiteen har dei siste åra arrangert fleire bibelhelger for unge-voksne frå både aust og vest med den hensikt å skape ein møteplass mellom mennesker og Guds ord. Livet har sine oppturar og nedturar, og vi ser viktigheita av å ha ein nær relasjon til Jesus og gode medvandrarar gjennom livet. Vi ønskar at denne helga skal vere ein stad der ein kan kome som ein er, dele levd liv med kvarandre, senke skuldrene, og få sitte ved Jesu føter. Vi håpar og ber om at helga må bli ein god rasteplass der ein kan få hente nye krefter til vandringa vidare.

Hans Bergane, som er leiar for møteverksemda i Norden i Sarepta, blir med som talar denne helga. Han vil tale over temaet helliggjørelse. Hans er ein forkynnar som alltid har sett til dei små saueflokkane. Han veit at dei treng mat for å overleve. Svak breking høyres, – ikkje gjennom kristelege blad og aviser, – ikkje gjennom strategiplanar, men ved å komme nært nok. Han ønskar å få vere ei røyst som ropar Herrens bodskap, og å få rekke bodskapen om legedom og frelse i Jesus Kristus til dei hungrande.

«Han (Jesus) sier da til dem: Kom med til et øde sted hvor vi kan være for oss selv, og hvil dere litt!» – Markus 6:31

Finn fram almanakken allereie no og sett av helga i november til andeleg oppbygging, flotte naturopplevingar og godt fellesskap!

Pris: Fredag – søndag: 900 kr per pers. Dette inkluderar overnatting og mat. Enkeltromtillegg: 100 kr.

Ønskar du å ordne overnatting sjølv kostar det 200 kr per dag per pers. for maten. Møta er gratis om du kun ønskar å vere med på dei.

Alder: Leiren arrangerast for unge-voksne i alderen 20 – 40 år. Babyar opp til 1 år kan også bli med.

Påmelding: til Andrine på epost: andrinekvamme@hotmail.com eller sms: 99599452.

Ved påmelding oppgi om du har matallergiar, og evt. annan relevant informasjon som vi bør ta hensyn til. Kom også gjerne med romønsker.

Påmeldingsfrist: 17. oktober Hjarteleg velkommen! Helsing arrangementskomiteen: Ragnar Nørstrud, Randi Therese Larsen, Sigurd Brennsæter, Olav Andreas Bergsland og Andrine Kvamme Bergsland.