Preses og «kjærleikens vegar»

I opningstalen til Kyrkjemøtet i Trondheim talte preses i Den norske kyrkja (Dnk), Olav Fykse Tveit, om «kjærleikens vegar» – etter å ha lånt det uttrykk frå Johan Falkberget, som rett nok skreiv gamalt bokmål. Det er jo eit godt uttrykk, og det kan romma mykje, ikkje minst i kristen samanheng. Det viktigaste fekk biskopen like fullt ikkje med.

Mykje av det preses sa, var både sant og viktig, men det var i stor grad av allmenn karakter. Det gjaldt krigen i Ukrania, klimaspørsmål og andre utfordringar i tida. Det var politisk korrekt, og det var slik at folk flest, og særleg kristne, kunne seia sitt ja og amen. Her var «kjærleikens vegar» rette.

Der ein del av oss ikkje kunne seia vårt amen, var omtalen av «skeive» og det som gjeld kjønnsforståing. Også her var det politisk korrekt, men i strid med bibelsk etikk og tenking. Vi har likevel vorte så vane med slik tale frå leiinga i Dnk, at vi knapt reagerer på det, diverre. Ei ubibelsk forståing av kjønn, samliv og ekteskap er i ferd med å sementera seg i Dnk. «Kjærleikens vegar» har her vorte til avvegar.

Det som i preses sin tale er det mest påfallande, og samstundes det mest symptomatiske, er at sjølve sentrum i kristentrua glimrar med sitt fråvær. Rett nok er det nokre vage signal, om ein leitar med lys og lykte, men det vert ingen veg av det, heller ingen sti. Den eigentlege «kjærleikens veg» peikar ikkje den fremste leiaren i Dnk på, og enda mindre leier han folk inn på denne. Diverre er dette symptomatisk for mykje av det som skjer i Dnk, og særleg frå bispehald.

Blant dei mange «kjærleikens vegar» er det ein eksklusiv veg av evig verdi, og som bør skrivast med stor K – «Kjærleikens veg». Det er Guds veg frå himmelen til vår jord, og på jorda frå Betlehem og krybba til Jerusalem og Golgata. Det er Guds Son sin veg via grava til himmelen, der han viser seg som ei soning for syndene våre og til vår rettferdiggjering. Det er nesten utruleg av preses kan unngå å nemna denne vegen, når tema er «kjærleikens vegar», men faktisk ikkje overraskande.

Bibelen gjer nemleg utvetydig klart kva kjærleik kristent sett og djupast sett er: At Gud sendte sin einborne Son til verda, og at det var til soning for syndene våre, slik at vi skulle kunna leva ved han (1 Johs 3.9f). Det er ved denne kjærleiken vi også på rett kristen måte kan elska kvarandre og vår neste. «Kjærleikens vegar» ut til våre medmenneske i nød og til å forvalta skaparverket på rett måte, går altså ut frå «Kjærleikens veg» frå Gud til oss. Det må vera samanheng mellom desse vegane.

Kyrkja har mange oppgåver, men det er ei hovudoppgåve: at folk skal verta frelste. Forkynninga skal spenna vidt, men det er ein spiss som apostelen Paulus definerer slik: «ordet om krossen» eller «Jesus Kristus, og han krossfest». Utan det er det ikkje kristendom, og utan det vert trua menneskeverk og ikkje grunna på Guds kraft. (1 Kor 1-2) Det er heilt avgjerande at dette kjem tydeleg fram, og er det nokon stad det i alle fall bør vera utvetydig, er det ved opninga av kyrkja sitt fremste organ, Kyrkjemøtet. Det er mange utfordringar i tida, men den største og viktigaste utfordringa er frelsesspørsmålet – no som alltid.

Vi står alle i fare for å verta så opptekne med dei mange gode og viktige spørsmåla, og sikkert også med nokre som ikkje er så viktige, at vi gløymer det viktigaste. Dette gjeld altså ikkje berre i Dnk, men er ei utfordring for oss alle. Utan «Kjærleikens veg» er alt tapt for tid og æve, og difor må denne vegen peikast på og førast inn på gjennom forkynning og undervisning.

Johannes Kleppa