Samfunnet har vorte underleg

For snart 130 år sidan skreiv diktaren Sigbjørn Obstfelder i eit dikt: «Jeg er vist kommet på en feil klode. Her er så underligt …» Slik kan det norske samfunnet – saman med heile Vest-Europa og USA – opplevast i dag, men vi er like fullt nødde til å leva i det samfunnet vi faktisk har. Då må vi prøva å tenkja rett om det som skjer, slik at vi midt i det underlege kan leva rett. Vi er trass alt på rett klode, på den jorda Gud skapte for mennesket.

Det skjer så mykje og så raskt i samfunn, kultur og kyrkje at det er vanskeleg å fylgja med. Dei fleste av oss ligg slik sett på etterskot. Vi har kort og godt ikkje kapasitet til å fylgja med i alt, men då får vi la oss opplysa av dei som fylgjer med og analyserer utviklinga ut frå kristen tenking.

Ein del av det som skjer, er så underleg at det er vanskeleg å ta det på alvor. Det er nesten som ein trur det ikkje er sant, fordi det er både ufornuftig og i strid med naturen. Det er galt nok, men det verste er at det er i strid med skapinga og Guds gode vilje. Då må det over tid verta skadeleg for folk og samfunn, og for kyrkje og misjon.

Det er særleg på området kjønn, kjønnsforståing, kjønnsidentitet og kjønnspolitikk det skjer så mykje at ein har vanskar med å fylgja med og å ta det på alvor. Når ein for rundt 50 år sidan byrja å rokka ved kristen samlivslære ved å akseptera sambuarskap, var det klart at det ville føra med seg endringar i samfunnet og i kyrkja med tanke på alt som hadde med samliv og ekteskap å gjera. Det såg vi skjedde ved opning for homofilt samliv, og at vi vi fekk partnarskapslova. Så langt har det kulminerte med lov om likekjønna «ekteskap» og kyrkjeleg «vigsel» av slikt samliv. Det er likevel heilt sikkert berre ein kort stopp på ein stasjon der utviklinga går vidare til aksept av alle typar samliv der det skjer frivillig, og der talet på partnar og kjønn vert slik kvar ønskjer det – med dei konsekvensane det har for barna og oppveksten deira.

Det som nok er enda meir underleg og som er vanskeleg å ta på alvor, midt i sitt uhyrlege alvor, er det som gjeld forståinga av kjønn, der ein kan definera sitt eige kjønn etter som ein vil. Og så vert alle tvungne til å godta den definisjonen, sjølv om han er aldri så mykje mot biologiske fakta. Det fører oss inn i ein meiningslaus språkbruk, men det som er verre er at det fører unge inn i ei personleg forvirring. Det å sjå bort frå biologi og det naturlege, må gå galt. Det å setja seg over eller utover slik Gud har skapt, er og vert destruktivt. Alt liv og alt godt går tilbake på Gud. Når vi handlar i strid med det, kjem vi i strid med livslovene og det gode.

Det som kanskje er aller mest underleg, er at store delar av Den norske kyrkja med biskopane og rådsorgana i spissen, ikkje ser galskapen i det som skjer, men fremjar det. På toppen av det heile dreg dei andre meg seg. No er det endatil slik at alle tilsett i Den norske kyrkja skal på LHBT-krus, og læra «rosa kompetanse» med organisasjonen Fri som premissleverandør. Kyrkja driv altså obligatorisk kursing i ubibelsk og destruktiv tenking og praksis. Om vi ikkje er på feil klode, er det i alle fall feil åndeleg leirskap når ein opptrer slik.

Vi kunne gjort lista over det underlege lengre, og med det skapt ei enda sterkare kjensle av at vi er på feil klode, men vi får heller løfta åsynet mot Herren og tenkja at han sit på trona enda, og falda hendene i bøn til han som har all makt i himmelen og på jorda. Så får vi også bruka Andens sverd, som kan trengja gjennom og kløyva hjartas tankar og råd.

Johannes Kleppa

foto: Adobe stock