Politikk og påverknad

KrFU-leiar Hadle Rasmus Bjuland har til mange si overrasking gått inn for at KrF skal akseptera dagens abortlov for med det å medverka til at vi ikkje får ei meir liberal abortlov. Han understrekar samstundes at han ikkje har skifta standpunkt med tanke på fosterets menneskeverd og livsrett. Det er nokså naturleg at mange har reagert på dette, og lurer på om vi treng eit parti som KrF om partiet opptrer på denne måten i fundamentale verdispørsmål, altså sluttar å kjempa for det ein meiner er rett av realpolitiske og pragmatiske grunnar. Det vil då over litt tid vera umogleg å halda opp primærstandpunktet.

Eg skal ikkje gå meiner inn på dette, men viser til Ole Andreas Meling sin gode artikkel om saka. Eg vil ta opp eit punkt i KrFU-leiaren sin argumentasjon som er symptomatisk i denne saka og i andre spørsmål. Det gjeld verdien av å halda fram kva som er prinsipielt rett, altså sanninga, og trua på talens og argumentets makt, ikkje berre på realmakt ved avrøysting og fleirtal. For nokre år sidan kom det ut ei bok som hadde samla mange talar som hadde hatt varig verknad, både politiske og andre.  Boka bar den talande tittelen «Virkekraftige ord». Politikarar bør ha tru på talens makt! Rett nok er Ordets makt større, men hjå kristne politikarar kan og bør det delvis gå saman.

I ein debattartikkel prøver Bjuland å klargjera standpunktet sitt, og der det vert tydeleg kva han vil at KrF praktisk skal gjera, men det vert også tilsvarande utydeleg kva vekt abortspørsmålet skal ha. Han viser til ein leiarartikkel i Dagen – som var god. Dagen hevdar at det er «en verdi at det finnes partier som er mot abort for å påvirke holdninger i samfunnet og samfunnsdebatten». Det skulle ein tru var nokså sjølvsagt, men KrFU-leiaren sin kontante kommentar er: «Det er ikke KrFs oppgave.»

Det må vera ei fundamental og fatal mistyding av eit politiske parti – og særleg eit kristent parti – si oppgåve, av to grunnar. Det eine er at partiet sjølvsagt må påverka handlingar av reint partimessige grunnar, slik at dei får folk til å røysta på seg. Klarer ikkje KrF påverka folk – og særleg kristenfolket – til å ha haldningar som samsvarer med det partiet står for, vinn dei naturlegvis ikkje veljarar. Det vil undra mykje om det aktive kristenfolket i større grad vil slutta opp om KrF om Bjuland si line vinn fram, noko det er stor fare for vil skje. Tåkelegginga i partiet på dette punktet har alt pågått lenge, og kulminerer med KrFU-leiren sitt framlegg.

Det andre og viktigare er at sanninga alltid må lyda, og det uavhengig av om ein vil nå fram med henne i den aktuelle politiske situasjonen eller ikkje. Kristne politikarar må bruka den politiske talarstolen til å kristna folk sin tanke i aktuelle samfunnsspørsmål av verdimessig og etisk karakter. Det såg KrF som ei hovudoppgåve då partiet vart stifta. Skiparane var ikkje så opptekne med eit detaljert program, men dei ville ha «kristne menner», altså kristne personlegdomar inn på Stortinget, slik at desse kunne påverka med det dei stod for, og ikkje primært ut frå politiske alliansar og stemmegjeving. Dette synest å vera gløymt.

Skal det skje endring i rett retning i verdispørsmål, og særleg med tanke på fosterets livsrett, må det skje haldningsendring i folket. Det må det vera kristne politikarar si hovudoppgåve å bidra til ved å tala tydlege og bibelsk rett i alle samanhengar. Det realpolitiske og der ein kjem i dilemma og til tider må røysta subsidiert for å oppnå det minste av to onde, må koma i andre rekke.

Mi oppfordring er altså: Ha tru på talens og argumentets makt, og på den kristne tankens gode påverknad – også i politikken!

Johannes Kleppa