Inspirasjon frå Sareptasommer

Eg skulle i utgangspunktet ikkje på Sareptasommer i Fyresdal, men så fekk dei behov for ekstra hjelp i barnearbeidet – og «kalte inn» kona mi, som er god på det. Då fekk eg vera med på «kjøt og flesk», og fekk bidra litt på ulike måtar. Det er eg takksam for.

Då eg kom til Fyresdal og såg leirstaden Sareptasommer skulle vera på, såg eg straks at det var ein ypperleg plass, men eg tenkte også straks at dei som planla dette arrangementet, måtte ha mykje tru då dei leigde staden. Det slo til med fulle hus, og eg vonar dette vert ei storsamling for Sarepta også i åra framover.

Apostelen Paulus skriv at då han «såg brødrene», fekk han nytt mot. Slik vart det også for meg då eg såg alt folket i Fyresdal. Det som gav ekstra mot og inspirasjon, var å sjå alle unge familiane og alle vaksne ungdomane. Ein 70-åring vart som ein dinosaur i forsamlinga, men også vi «gamlingane» glei godt inn i leiren!

Det var mange eg kjende frå før, men enda fleire som var ukjende for meg, og det var bra for Sarepta sin del. Vi treng stadig at nye søkjer seg til våre arrangement og støttar arbeidet. Når ein las deltakarlista, var det fleire etternamn som gjekk att. Det var tydeleg at her var mange familiar og at det var mange som var i slekt. Det syntest nesten som at fleire hadde som eit «slektstemne» på campingen, og det var fint å sjå!

Ikkje få tok kontakt med meg for å seia at dei var takksame for Sarepta sitt arbeid. Det gjaldt ikkje minst forkynninga, og det at ein oppsøkjer plassar der det er lite eller ikkje møteverksemd. Mange set pris på strategien om å skapa møteplassar mellom folk og Guds ord, og at ein legg vekt på det vi kan kalla klassisk forkynning.

 Ein del ville også høyra meir om arbeidet i Spania, og nokre dukkar nok opp på Centro Sarepta. Eg skulle ønskja at nokre av ungdomane som var i Fyresdal ville gå på bibelskule der. Det trur eg ville vera godt for dei, og det ville vera godt for Sarepta sitt arbeid.

Det er godt med alle som støttar Misjon Sarepta sitt arbeid, og misjonsarbeid i det heile. Det er særleg oppmuntrande når ungdom og unge familiar gjer det. Det er svært inspirerande når yngre generasjonar prioriterer forkynning av Guds ord, og då bibelforplikta og kristussentrert forkynning. Det var flott å sjå familiar med små born og tenåringar samlast til møte. På kveldsmøta var alle saman, og på føremiddagane var ein litt saman og så oppdelte i grupper etter alder. Det trur eg var eit godt opplegg som skaper einskap og som gir tilrettelagt undervisning.

Det var også oppmuntrande med alle unge som deltok i ulike oppgåver, med forkynning, song, opplegg for borna, ulike aktivitetar, vask og reinhald, matservering og oppvask – og kva det måtte vera. I Guds rike er det mange og ulike oppgåver, og tilsvarande mange og ulike nådegåver må i funksjon. Begge kjønn og folk i ulik alder trengst og har sitt kall. Takk til alle for innsatsen!

Eg måtte reisa heim midt i veka, fordi då var vårt oppdrag fullført og det var heller ikkje plass. Det gjekk nok like bra siste delen. Det var ein opptur å vera på Sareptasommer, og så vert det spennande å sjå om det også var ein opptur for misjonsarbeidet i det heile. Det kan ha vore eit blaff, men det trur eg ikkje. Eg trur Sareptasommer i Fyresdal vil ha ringverknader både på det personlege planet og for Sarepta sitt arbeid.

Johannes Kleppa