Sareptasommer i Fyresdal

I Fyresdal er det nokså flatt, men Sareptasommer har vorte ein opptur. Fyresdal er nok ein ukjent plass for mange, men det er ein flott stad, og leirstaden vi held til på, er svært godt eigna til eit slikt arrangement. Her er rom til leige, plass til bubilar, campingvogner og telt, og her er mykje plass til å boltra seg på til aktivitetar, prat og avslapping. Om det er over 300 hundre menneske, merker ein det nesten ikkje. På møta kjem det også folk som ikkje har fått på plass på leirstaden, men bur andre stader, slik at møtehallen er omtrent full.

Det er ein svært godt planlagt bibelcamp med ein heil hær som er aktivt med på gjennomføringa, og då stort sette unge. Det er opplegg frå tidleg morgon til langt på kveld. Det er særleg lagt godt til rette for barnefamilar og ungdom, og det på ein slik måte at folk vert samansveiste.

Eg har vore på mange bibelcampar og ulike typar sommararrangement, men eg har aldri vore på eit på eit stemne med så mange barn og unge, og med det så mange familiar med barn og tenåringar, pluss at her er mange vaksne ungdommar. Vi som er «skikkeleg» vaksne og pensjonistar, er i eit tydeleg mindretal, men vi er ikkje utafor av den grunn. Her går alle godt saman.

Det viktigaste er sjølvsagt forynning av og undervisning i Guds ord, og det har vore solid og sentralt både på bibeltimar og kveldsmøte. I tillegg er det bønnemøte, ungdomsmøte, kveldssamling på spansk og nokre kveldar er det aktuelle seminar. Det er også vekt på misjon, med glimt frå Marokko.

Folk er svært positive til arrangementet, imponerte over alle dei unge og takksame for forkynninga. Kort sagt verkar det som alle opplever det som ein opptur, både åndeleg og menneskeleg, og det er ein opptur med tanke på Sarepta sitt arbeid. Eg har vore her første delen av veka, og reiser herifrå glad og takksam.

Johannes Kleppa