Kristne skular – kampen om tru og tanke

Det er ingen tvil om at det i landet vårt som i Vesten i det heile, pågår ein voldsom kamp om tru og tanke. Det har i stor grad vorte ein kamp mot kristen tru og tanke, og ein kamp for ei sekulær og materialistisk oppfatning. Dette ser vi dagleg i media, og vi ser det også i rettsvesenet.

I denne situasjonen har vi knapt noko betre reiskap frå kristen side enn å satsa på kristne friskular. Her kan dei oppveksande slektene få kristen kunnskap, og dei kan få hjelp til kristen tru og tanke. For meg er det svært underleg at ikkje fleire kristne foreldre ser den situasjonen som er i samfunnet generelt og i den offentlege skulen spesielt og ut frå det sender borna sine i kristne skular der det er mogleg, og arbeider for å få enda fleire slike åndssentra.

Eg fattar kort og godt ikkje at mange kristne foreldre ikkje ser situasjonen og gjer noko med det. Når det har gått nokre år og ein ser kva det gjer med dei oppveksande generasjonane, fryktar eg mange vil få ein «blåmandag», og angra på at dei ikkje gjorde meir for å gje borna ei kristen oppsedning, og då særleg ved kristne skular. Guds ord legg då også svært stor vekt på det med kristen opplæring. Gud og hans ord skal prentast inn i borna (5 Mos 6,4ff).

Det pågår ei voldsom indoktrinering og einsretting med tanke korleis folk skal tru, tenkja og handla. Det gjeld for folk flest, og det gjeld særleg med tanke på born og unge. Det er ei ideologiske og livssynsmessig indoktrinering og einsretting av antikristeleg karakter. Gud som skapar og frelsar vert sett til sides og motarbeidd, og så vert mennesket sett i sentrum ut får eit naturalistisk menneskesyn. Då er det som Henrik Ibsen via DovRegubben seier, at mennesket er ikkje berre seg sjølv, men «det er seg sjølv nok». Det har fått trollsplinten i auga. Det er hovmod i høgste potens.

Dette ser vi på snart sagt alle område, men særleg i det som gjeld kjønn og identitet, samliv og ekteskap. Heilt frå barnehagen vert borna bombarderte med ei ikkje-kristen tenking som skaper kjønnsforvirring, og som med det over tid er destruktiv. Heile samfunnet går inn på dette, via handelstand, bankar, idrettslag, transportmiddel – og kva det måtte verta, og altså aller mest i barnehage og skule. Diverre går også Den norske kyrkja i stor grad inn på det same, og andre kristne samanhengar haltar etter.

I denne samanhengen har bibelforplikta kristne knapt noko betre hjelpemiddel enn kristne skular, så sant desse skulane er seg oppgåva si medvitne og vågar satsa på kristen tenking. Dette har også ideologar og styresmaktar som vil ha bort forplikta kristen tenking forstått, og difor motarbeidar dei kristne skular så godt dei kan. Sidan foreldreretten og livssynsbaserte oppseding er verna av menneskerettane, kan ein ikkje direkte forby kristne skular, men ein gjer rommet for dei så lite som mogleg både ved lovmakt og økonomisk makt. Det må kristenfolket stå imot.

Synspunkt og levemåtar som for få år sidan var nesten sjølvsagde, vert no omtalt som ikkje å høyra heime i vårt opplyste og frie samfunn. I realiteten fører ein med denne måten å tenkja på ufridom og mørke over landet. Det er ikkje noko som fører meir fridom og lys med seg enn kristen tru og tenking, og difor skal vi vera fridmodige på kristentrua og Guds ords vegne.

Kort sagt: Kjemp for kristen tru og tanke – og sats på kristen oppseding og kristne friskular!

Johannes Kleppa