To kjønn for liv = sant!

I det norske språket har vi tre kjønn – hannkjønn, hokjønn og inkjekjønn. Slik trur eg det er i alle språk. Dei to første kjønna går på alt som har liv, altså der det må to kjønn til for å føra livet vidare. Det tredje kjønnet går på ting, altså det som er utan liv.

Dette svarar til realitetane i tilværet. Då Gud skapte universet og menneska, skapte han mennesket med språk. Språket er ikkje noko tillært, men det er ei skapargåve. Denne skapargåva svarte til slik Gud hadde skapt. Språket er altså viktig for å forstå kva vesen mennesket er, ved at det er skapt i Guds bilete – han som også ber namnet Ordet. Språket er også viktig for å forstå, definera og omtala tilværet eller røyndomen.

Det vert både språkleg og tankemessig absurd når ein prøver å oppløysa språket kjønnsmessig. Det er også absurd med tanke på tilværet når ein prøver å innføra språkbruk som ikkje svarar til røyndomen. Det vert kaos. Det ser vi no tydeleg i det som vert omtalt som kjønnsidentitet, som både språkleg og opplevingmessig flyt i alle retningar.

Dei seinare åra har ein prøvd på det sjølvmotseiande i å innføra ein kjønnsnøytral språkbruk, altså at ein skal unngå å bruka hannkjønn og hokjønn, samstundes som ein har prøvd å innføra ei rekkje nye kjønn, som ein endatil vil ha i passet. Det skal altså vera mangekjønna og kjønnsnøytralt samstundes. Det er ikkje lett å få til.

Resultatet er i alle fall at ein vil oppheva og faktisk forby det språket alltid har sagt, og det som alltid har lagt i biologien. Ein vil ha bort tanken om at det for mennesket er to kjønn, og at det er mann og kvinne, han og ho. Den historiske språkbruken skal opphevast, og biologien skal fornektast. Biologisk er det kromosoma som bestemmer kva kjønn ein er, og det er anten mann eller kvinne. Det kan ikkje endrast. Rett nok er det nokre svært få tilfelle der dette i naturen er kome ut av lage, men det har ikkje vorte noko nytt kjønn av den grunn.

No har ein kvinneaktivist vorte tiltalt for å ha sagt at det er to kjønn, mann og kvinne, og berre det. Politiet har avhøyrt henne om saka i fleire timar. Det heile er både absurd og latterleg, men samstundes ideologisk og identitetsmessig svært alvorleg. Ein tidlegare justisminister har sagt at politiet burde straks dei fekk saka, lagt henne bort med grunngjevinga «intet straffbart forhold». Det har han heil rett i. Det burde dei ha gjort både av saklege og ressursmessige grunnar.

Det er vanskeleg å tru at politiet vil koma til å reisa sak mot kvinna, men trykket i tida og det politisk korrekte kan føra til at dei gjer det. Lovverket er såpass ope på dette punktet at det kan tolkast ut frå tanken i tida, altså gjevast ei ideologisk tolking. Då får krenkingsaspektet nokså stor vekt.

Kvinna som er anmeldt, har ikkje uttalt seg ut frå spesifikk kristen tenking, men ut frå klassisk allmenn og biologisk tenking og språkbruk. Ho bør få støtte for si oppfatning av kjønn både ut frå allmenne og kristne grunnar. Dersom det vert reist sak mot henne, bør vi frå kristent hald i store skarar gå ut og seia offentleg ordrett det same som ho vert tiltalt for, og be politiet etterforska oss og reisa sak mot oss.

For min del kjem eg i alle fall til å gjera det, og eg vil gjerne vera med å skapa ein aksjon for dei to kjønna, og retten til å hevda at det berre er to kjønn!

Johannes Kleppa

foto: Adobe Stock