Pinsestevne på Sjernarøy?

Det kom godt med folk på Sjernarøy denne gong. Første møtet var vi 11, andre møtet 21 og siste møtet kom det ca. 25. Ikke ofte er det så mange på møtene vi arrangerer rundt i landet. Ein liten sorg likevel var det at det heller ikkje denne gong kom fastbuande på møte. Men det kom fleire som har budd på øya tidlegare, men nå bare er der i feriar. Difor var pinsen ei god tid. Fleire kom også med båt fra Talgje og Finnøy. «Dette får bli eit fast pinsestevne», seier nokon.

Ei som har budd på øya før, kunne fortelle om ei stor vekking på øya. Då var det mange som kom med, fortel ho. Det er difor mange her som har truande besteforeldre. Det er to bedehus her. Det eine vart nyleg nedlagt. I avtalen stod det at om huset ikkje lenger var i bruk, gjekk det over til ein privatperson som eigde grunnen. Kontaktpersonen vår døydde for halvanna år sidan, og det har ikkje vore møte der etterpå. Nå har eigaren av eigedommen gjort krav på huset.

Det andre bedehuset disponerer speidarane. Her har det tidlegare vore basarar med fullt hus. Eg spurte nokre fastbuande om dei trudde det kunne kome folk på basar i dag? «Men den tida er nok forbi», sa dei litt tvilande.

Vi er glade for at Finnøy kyrkjelyd er så positive til møtene at vi får låne kyrkja heilt gratis. Det gjer at vi har eit flott møtelokale. Folk på øya har blitt minna om møtene. Kor sterkt det har banka på deira hjarta, veit bare Herren. Vårt folk er stå sterkt bunde av ei sekulær åndsmakt. Går du ned til havna, kan du sjå båtar til 10-20 millionar kroner. Å gå på eit kristeleg møte, er ikkje i deira tanke. Dei har meir enn nok med å nyta rikdommen. Slik også for dei som ikkje har så mykje, men likevel nok til å halde seg vekke frå kristelege møter.

Evangeliet frelser alle dei som trur, men då må ein først høyra. Det er hjartesårt å tenke på at ei elv av frelse renn forbi kvart einaste menneske, men dei ser de ikkje og drikk ikkje.

«Og den som tørster, han får komme! Og den som vil, han får ta livets vann for intet!» Åp 22,17