Underordning – kone og kyrkje

I det siste har det gått ein debatt om underordning, også mellom folk som er teologisk konservative. Debatten er på mange måtar forvirrande, både fordi ein synest å argumentera ut frå ei sjølvkonstruert oppfatning av kva underordning inneber og fordi ein isolerer det til å gjelda kvinner. Skal eg underordna meg berre fordi eg er kvinne, vert det gjerne spurt. Svaret på det er nei. Det er eit ord til koner, ikkje til kvinner generelt. Dessutan er ikkje poenget kjønn, men ei Guds ordning som særleg gjeld forholdet mellom kyrkja og Kristus, men som også gjeld i den treeinige Gud.

Når ein avviser eller problematiserer underordning, eller seier ein ikkje får til å underordna seg, har ein ikkje berre sagt noko om seg sjølv eller om forholdet mellom mann og kone i ekteskapet, men ein har primært sagt noko om forholdet mellom kyrkja og Kristus. Det er altså nokså dramatisk og omfattande når ein argumenterer på denne måten, fordi då angrip ein forholdet mellom kyrkja og Kristus.

Hovudordet for kona si underordning lyder slik: «Men liksom kyrkjelyden underordnar seg under Kristus, slik skal òg konene underordna seg under mennene sine i alle ting.» (Ef 6,24)

Det er altså forholdet mellom kyrkja og Kristus som er utgangspunktet, og det er for kona samanbunde med «liksom» og «slik skal». Tek ein bort kona si underordning har ein i prinsippet også teke bort den kristne forsamlinga si underordning, fordi denne er utgangspunktet. Ønskjer ein verkeleg det? Det tvilar eg på. Kyrkja si underordninga under Kristus kan då heller ikkje vera ei negativ sak. Den som trur på Jesus er eitt med han, også med hans vilje. Den som er gift, er eitt med ektefellen.

Det er ikkje sagt at mannen er overordna kvinna, men det er sagt at han er hovudet, og her gjeld det same prinsippet som for kona: «liksom òg Kristus er hovudet for kyrkjelyden». Heller ikkje det kan vera uttrykk for noko negativt, i så fall må vi tilleggja Kristus noko negativt.

Skal vi forstå tenkinga om underordning og hovud rett, må vi ta det rette utgangspunktet – altså forholdet mellom Kristus og kyrkjelyden. Dette vert vi rett nok ikkje raskt ferdige med, fordi Bibelen kallar det ein «løyndom» eller eit «mysterium». Det er ikkje ut frå at det er eit problem, men ut frå at det er ei åndeleg sak, og at her er mykje å arbeida med for å verkeleggjera det på rett vis.

Problemet er at ein lett tenkjer ut frå ei reint menneskeleg oppfatning av underordning og hovud, og då går det i retning kvinneleg underkasting og mannen som sjef. Ein spør då etter konkretiseringar og nærast etter ein «instruks» for korleis ein skal leva for å oppfylla det heile. Bibelen gir i svært liten grad oppskrift på korleis underordning og hovud skal utøvast, men viser altså til kyrkjelyden og Kristus. Her finn vi karakteren og førebiletet.

Konkret seier Bibelen to ting til kona om underordninga. Ho skal ha «age» (respekt eller ærefrykt) for mannen, og ho skal overfor ein ufrelst mann leva slik at ho kan vinna han for Kristus. Ikkje noko av det kan vera negativt, og ekteskapet er avhengig av det. Dersom dette ikkje finst i eit ekteskap, går det i oppløysing.

Med tanke på mannen som hovud er det sagt at han skal elska kona, visa henne ære og leva med forstand saman med henne. Heller ikkje dette er noko negativt, men det vil finnast i eit kvart godt ekteskap. Utan dette vil ekteskapet gå i oppløysing.

Det kan ikkje vera den store og umoglege saka for kona å ha age for mannen, og det kan ikkje vera den store og umoglege saka for mannen å elska kona. Samstundes er det slik for begge, at vi ikkje får det til fullt ut. Det er ein del av helgingslivet å øva seg i det. Det er berre ein som maktar underordninga fullt ut, og det er Sonen når han underordnar seg Faderen – og då vert Gud alt i alle (1 Kor 15,28).

Johannes Kleppa