Offentleg konverteringsterapi

Alle offentleg organ, både av politisk, byråkratisk og forvaltningsmessig karakter, er svært opptekne av å forby noko som vert kalla «konverteringsterapi» med tanke på seksuell orientering og kjønnsidentitet. Samstundes er det slik at dei same organa driv omfattande nasjonal konverteringsterapi, men med motsett forteikn av det dei vil forby, og dei gjer det med tvang.

Det er knapt nokon her i landet som vil vedkjenna seg ordet «konverteringsterapi», og enda mindre at dei driv med det. Difor er det svært vanskeleg å få tak i kva styresmakta vil forby, ved å forby dette, og dei har store problem med å forklara dette opp mot vanleg personleg samtale og rettleiing, sjelesorg og bønn. Ved å bruka eit så upresist og udefinert omgrep, vil ein lett forby meir enn det som ligg i omgrepet – og det synest også at det er noko av målet.

Det samansette ordet «konverteringsterapi» er eit merkeleg omgrep. Ordet «konvertering» er primært ei religiøst uttrykk og vert brukt om folk som endrar trushaldning, anten det er lutheranarar som konverterer til katolsk tru, eller det er muslimar som konverterer til kristendommen. Ordet «terapi» er eit medisinsk behandlingsomgrep, der ein gjennom samtale og tenking får hjelp til å endra eitt eller anna på det personlege planet. Med det samansette ordet har ein slått saman noko som har med religion og noko som har med helse å gjera, og då må det vert uklart og skapa forvirring.

Det må vera heilt greit at folk som slit med sin kjønnsidentitet og med det har vanskeleg med å plassera seg i kjønnskategoriane mann og kvinne, eller som slit med å definera seg med tanke på seksuell orientering og i dei tradisjonelle kjønnsrollane, søkjer hjelp i den samanhengen. Dei må ha lov til å søkja hjelp der dei vil, og til det dei vil.

Frå kristent hald må hjelpa vera å finna seg sjølv som mann eller kvinne, og få eit naturleg forhold både til sitt eige kjønn og til det motsette kjønn, slik at ein lever ut at mennesket er skapt i Guds bilete til mann og kvinne. Rett nok vil det vera nokre svært få tilfellet der dette vert vanskeleg, fordi det både fysisk og psykisk er avvik. All slik hjelp skal sjølvsagt vera frivillig og utan tvang. Samtale og bønn er dei viktigaste faktorane her, men det er noko anna enn helsevesenets bruk av terapi.

Det offentlege har lagt seg til ei enormt sterk påverkand på dette feltet, slik at den klassiske og biologiske forståinga av kjønn og alt som ligg i det, vert nedbroten, og seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet vert omdefinert. Dette skjer ved tvang i klasserom, ved skulesekker, på flaggstenger, ved paradar, gjennom symbolbruk og ideologisk argumentasjon på alle plan. Det vert bruk mangfaldige millionar av offenteleg kroner på dette. Trondheim kommune har til dømes brukt ein halv million kroner til innkjøp av regnbogeflagg, som skal brukast over alt der kommunene styrer.

Folk vert på denne måten behandla med sikte på ideologisk endring, som også gjev seg endringar på det personlege planet. Dette skjer med overtydingsmakt av ideologisk og religiøs karakter. Det offentlege driv med andre ord med tydeleg og sterk konverteringsterapi.

Denne offentlege konverteringsterapien må kristenfolket og alle som vil tenkja om kjønn og seksuelt samliv ut frå den fysikk og biologi realiteten, stå imot på alle nivå. Det er særleg viktig at foreldre fylgjer dette opp overfor barna og det dei møter i skulen, fordi det som der skjer, er til skade både for barna og samfunnet. Dette er ein sterk grunn for å satsa på kristne skular og på kristen opplæring i det heile.

Johannes Kleppa

foto: Adobe stock