70 år i perspektiv

Eg fyller 70 år «omtrent på denne tida». Nøyaktig dato er 12. mai, men eg er no på Centro Sarepta og har ei enkel feiring her ei lita veka før. Denne plassen har vorte som min andre heim. Sidan eg har alt eg treng frå før, og det har kona også (!), så har eg tenkt at det var hyggeleg om nokon ville «æra» meg med ei gåve til Sarepta, særleg med tanke på det diakonale arbeidet vi no har starta i Spania.

Når ein passerer ein så tydeleg milepæl som 70 år, er det naturleg at ein gjer seg nokre refleksjonar både med tanke på eins personlege liv og med tanke på den 70-årsperioden i historia ein har fått som sin. Alle liv og alle historiske periodar har sine særmerke. Eg brukar å seia at eg er fødd 100 år for seint, ikkje fordi eg føler meg så gammaldags, men fordi det då var så mykje spennande som skjedde, særleg vekkingslivet, og så mange interessante personar ein kunne vorte kjent med, slik som Jakob Traasdahl! Ein må likevel leva i den tida ein har fått tildelt.

For min del vart det ikkje studier eller ein akademisk løpebane, men eit liv i teneste i ulike kristne samanhengar. Det starta med grunnleggjande år i Santalmisjonen, fortsette ein lang og innhaldsrik periode i Indremisjonsforbundet, via intense og utfordrande år i Dagen til å bruka mykje av pensjonisttida til nybrotsarbeid i Misjon Sarepta. I tillegg har det vorte ein del styrearbeid, ikkje minst i kristne skular – som er eit uhyre viktig kristent arbeid, og ein del skrive arbeid, ikkje minst om bedehus- og indremisjonshistorie. Alt dette kunne eg skrive mykje om, men eg skal la det liggja, bortsett frå å få seia at eg er svært takksam for tenesta i Sarepta. Det har gitt ein ny dimensjon i livet mitt.

Då eg passert 50 år, hadde eg fått Børre Knudsen til å koma å halda ein kåserande tale om «50 år i perspektiv». Det skjedde på hans vis, til opplysning, ettertanke og ransaking. Han tok for seg den teknologiske utviklinga, som enda med at mennesket gjekk på månen. Han tok også for seg den kulturelle og åndelege utviklinga som kulminerte med friabortlov. Teknologien kan brukast både både positivt og destruktivt. Det var også ein 50-årsperioden med sterk materiell vekst, og der ein i Europa gjekk frå kald krig til trygg fred. For å nemna litt.

Forlenger ein perspektiv til 70 år, har den teknologiske utviklinga gått med stormskritt vidar, slik vi lever i ei digital og teknisk tid som knapt nokon av oss klarer fylga med i, aller minst eg. Teknikken verkar til effektivitet, men den skaper også etiske utfordringar, ikkje minst innan medisinen. Vi har endatil fått ein avansert teknologisk krig midt i Europa, med uhyrlege lidingar.

Den kulturelle og åndelege utviklinga har vore ein negativ spiral. Tusenvis av barn i mors liv er drepne, som eit sterkt uttrykk for degradering av menneskeverdet. Den grunnleggjande tanken at mennesket er skapt i Guds bilete til mann og kvinne, er snudd på hovudet. Det skjedde først ved aksept av homofilt samliv og innføring av «likekjønna ekteskap», og no ved total oppløysing av kjønnstenking og kjønnsidentitet. Det har vore ein eksplosjon på det moralske og teologiske området, der alt er i flyt. Livet er prega av relativisme, subjektivisme, materialisme og forbrukarkultur – med den åndsmakta som ligg i alt dette.

Utviklinga er slik at ein kan verta mørkredd midt på lyse dagen, men då får ein løfta blikket eit par hakk. Globalt sett er det i dag vekkingar av slikt omfang at vi må tilbake til oldkyrkja for å finna noko tilsvarande. Evangeliet går sin sigersgang. Og aller mest: Den kristne vona står fast, og Herrens atterkome med utløysing til livet på ei ny jord nærmar seg dag for dag!

Så eit siste perspektiv: Eg har fleire gonger sagt og skrive at folk bør pensjonera seg så tidleg dei kan, og bruka NAV-lønna til ulønna teneste i kristent arbeid på heiltid, anten det dreier seg om administrasjon, rekneskap, forkynning, praktisk arbeid eller kva det måtte vera i organisasjonslivet, ved kristne skular, på leirstader eller kor det måtte vera – og då treng ein ikkje pensjonera seg om ein er 70 år heller!

Johannes Kleppa

https://www.facebook.com/events/700587774720350