Kongens nei og krigen i Ukraina

Krigen i Ukraina er grufull, og alle menneske av god vilje må arbeida for at den tek slutt. Det må også vera ei konstant bøn frå alt kristenfolk. Samstundes må krigen avsluttast på ein måte som skaper ei god framtid for folket i Ukraina og i Europa i det heile. Det må koma til ein rettferdig fred. Ukraina som fører rettferdig forsvarskrig, må ikkje pressast eller lokkast til ein urettferdig fred.

Det er Russland som har starta krigen, og landet fører ein urettferdig krig. Det ligg til den som har starta krigen å avslutta. Den som fører ein rettferdig forsvarskrig, kan ikkje avslutta krigføringa utan vidare, i så fall vil det verta ein urettferdig fred. Det vil innebera ein fred med okkupasjon, undertrykking og mangel på fridom. Over tid kan det vera ein verre situasjon enn ein periode med krig. Bibelen lærer oss at Gud har sett grenser mellom folk. Det er for at ein skal kunna leva i fred og fridom, og for at ein skal søkja Gud. Vert ikkje landegrensene respekterte, vil det alltid føra til ufridom og liding.

Det vert nokså meiningslaust når det har vorte sagt at dersom Ukraina ikkje hadde gripe til våpen, ville ingen ha døydd. Det er i seg sjølve ein uhaldbar påstand, men det å hevda pasifisme for den parten som vert angripen, er absurd. Dersom Russland ikkje hadde brukt våpen mot Ukraina, ville det ikkje vorte tap av menneskeliv. Det er den angripande parten som har ansvaret for tap av menneskeliv, ikkje den som forsvarer seg. Historia og dagens situasjon viser at pasifismen er ein illusjon, fordi den som med makt vil erobra meir land, er aldri pasifist.

Parallelt med krigshandlingane i Ukraina vert det førte ei form for samtalar med tanke på våpenkvile og fred. Det er godt om ein kunne vinna fram på den vegen, men det må i så fall enda i rettferdig fred, altså i alt Ukraina beheld sine grenser og sitt sjølvstende. Eit kvart kompromiss vil vera urettferdig overfor Ukrania og gje urett makt til Russland.

I denne samanhengen har eg tenkt på kong Håkons nei i 1940. Dette kongens nei er vi stolte over, og det var til stor hjelp for det norske folket den gongen. Regjeringa var i ferd med å gå i forhandlingar med den nazistiske okkupasjonsmakta, men det kunne ikkje kongen vera med på. Han stilte regjeringa fritt, men han ville abdisera om dei gjekk den vegen. Med kongens autoritet og posisjon bøygde regjeringa av, og fylgde kongens nei. Med det kunne Noreg gjennom heile krigen kjempa mot nazi-Tyskland, og ved freden stå med ære og i fridom.

Då eg såg filmen «Kongens nei», gjorde det sterkt inntrykk å sjå dei kvalane kongen hadde før han gav sitt nei. Det var tydeleg at det for kongen var svært vanskeleg å seia nei, fordi han visst det på kort sikt ville føra til liding og tap av menneskeliv. På lengre sikt var det likevel eit mindre offer enn kva eit kompromiss med okkupasjonsmakta ville innebera. Det var eit vanskeleg standpunkt å innta der og då, men i ettertid har det vist seg at det var rett. Liding og offer kan vera vegen til det gode og til fridom.

Ukraina er i ein ufatteleg dramatisk og lidingsfull situasjon. Folket kjempar heltemodig, og vi må ha stor respekt for deira vegval framover, men det kan vera at den norske kongens nei i 1940, kan vera til inspirasjon og rettleiing.

Johannes Kleppa