Centro Sarepta – sykkelleir og Fjellheim

Denne veka er nokså spesiell på Centro Sarepta, og fullt hus. Det er det forresten fleire veker denne våren, ved at det er ulike skular som kjem på besøk

Den årlege sykkelleiren går av stabelen denne veka, men vi er ei liten flokk som er ute og syklar. Første dagen var det likevel ein flott sykkeltur i godt sykkelvær. Korona og andre ting har hindra folk frå å koma, men vi satsar på fleire deltakarar neste år.

Koronaen gjer likevel at det er fullt hus! Fjellheim Bibelskole er på reise på denne tida av året, og det var planen at ei mindre gruppe skulle koma til Centro Sarepta og ha eit opplegg her. Dei fleste skulle til Kenya, men så gjorde koronasituasjonen og innreiserestriksjonar det umogleg å reisa til Kenya, og så enda det opp med at alle elvane kom hit, og vert her 2-3 veker – til stor glede for alle på Centro Sarepta. Det er laga eit opplegg som vi trur vil gje godt utbytte.

Ellers opplevest det greit å vera i Spania med tanke på korona. Ein del vegrar seg nok enda for å reisa utalands, men det litt komiske er at ein av Sarepta sine arbeidarar i Spania nett var i Noreg nokre dagar, og kom tilbake med korona! Det er altså minst like «farleg» å vera i Noreg som i Spania. Det einaste som merkest her, er at ein må bruka munnbind på butikkar, bussar og andre offentlege stader innadørs. Det er ingen «koronagrunn» no for ikkje å ta ein tur til Centro Sarepta!

Johannes Kleppa