Misjon kostar pengar

Det er nokre gonger vi må seia det sjølvsagde, for å minna oss sjølve på at ein sjølvsagt ting kan vera viktig, og at vi må fylgja det opp. Ei slik sak er at misjon kostar pengar. Det veit alle, men vi treng å minna oss sjølve på det.

Alt misjonsarbeid i Noreg er avhengig av gaver, og misjon i andre land er avhengig av at det vert overført pengar dit. Det er ofte lite inntekter å henta i misjonsarbeid utafor landets grenser. I Sarepta er vi i den gunstige situasjonen at Centro Sarepta gjev inntekter til misjonsarbeid i Spania, men då i den grad nordmenn og andre skandinavarar brukar senteret, men det er på ingen måte nok til å dekka utgiftene til misjonsarbeidet i Spania totalt sett. Det må overførast midlar kvar månad.

I det eg sit og skriv dette på Centro Sarepta, er det ei relativt stor gruppe kvinner av ulike nasjonalitetar, men der alle snakkar spansk, som er samla til bibelgruppe i møtesalen. Det er første gongen eg har opplevd det, og det er ein del av arbeidet som våre diakonale medarbeidarar driv. Kvinnene kjem frå ulike forsamlingar og samanhengar, men dei har stor trong for grundigare innføring i Guds ord. Eg visste ikkje at dei skulle koma, og eg vart overraska og glad då eg såg dei. Dette er eit lite døme på kva den satsinga Sarepta no gjer, kan føra med seg.

Framover våren kjem det fleire skular og andre grupper til senteret. Det gjev god kontakt med ungdomar og det gjev inntekter, men den satsinga som no er på gang med undervisning, forkynning og diakoni, krev sin økonomi. Vi håper at fleire frå Noreg skal koma som gjester til senteret framover. Det er viktig for misjonsarbeidet. Då får ein leva med i det som skjer, og ein får bidra økonomisk.

Det er ei spennande tid no framover for Misjon Sarepta økonomisk sett. Den tida det har vore korona, har det gått bra økonomisk fordi gåveinngangen, og særleg den faste gjevartenesta, har vore relativt god, samstundes som permittering har halde utgiftene nede. Vi har ikkje fått koronastøtte, og vi har heller ikkje sett grunn til å søkja om det.

Ved at vi no har tilsett fleire medarbeidarar, er vi spente på korleis økonomien utviklar seg når koronaen slepp taket. Vi ønskjer å utvida forkynnarstaben enda meir, og er innstilte på å satsa i tru, men Guds ord talar også om å rekna på kostnadene ved det ein planlegg. Misjon kostar pengar, og utgiftene vert i alle hovudsak dekka ved gåver.

For å halda oppe ei regelmessig gjevarteneste, er det klokt å vera fast gjevar, helst slik at gåvene vert trekte frå kontoen automatisk kvar månad. Det er likevel naturleg at ein del av gjevartenesta skjer ved kollekt, men kollekten må ein hugsa å gje sjølv om ein er hindra frå å vera på møte, anten det er på grunn av korona, anna sjukdom, reise eller anna som gjer at ein for ei tid er bort frå forsamlinga.

Vi skal ha Ordets forkynning i fokus i misjonsarbeidet, ikkje pengemas, men då må vi hugsa at misjon kostar pengar!

Johannes Kleppa