OLE GUNNAR HEGLE BESØKTE SUNNMØRE

I dag kom ei av damene på bedehuset til meg. Ho hadde vore koronasjuk sist laurdag, og ho sa til meg: Eg høyrde at de hadde hatt eit godt møte på laurdagskvelden. Ein av deltakarane på møtet hadde fortalt om samlinga i Ulsteinvik bedehus på laurdag. Denne kvelden var det møte der Ole Gunnar Hegle song og talte. Mange vart velsigna av den kraftfulle songen og dei gode tekstane i hovudsak frå Sangboken. Talen var svært personleg og greip oss frammøtte.

Møtereisa til Ole Gunnar Hegle starta med møte i Hjørungavåg på onsdag, Hareid på torsdag og i Berge bedehus i Herøy på fredag. Starten på veka på Sunnmøre var prega av dårleg ver, og at mange var smitta av covid- 19. Vi merka også krigsfrykten som gjer at mange valde å vere heime å sjå nytt på TV. I helga, då vi besøkte Ulsteinvik på laurdag og Hakallestranda på søndag formiddag tok frammøtet seg opp. På Hakallestranda deltok også det lokale musikklaget.

Møteteam: Anne Sofie, Ole Gunnar og Ståle

I forkynninga var Ole Gunnar Hegle mellom anna innom Klagesongane, den bortkomne sauen og brevet til kyrkjelyden i Laodikea. Vi blei oppmoda om å vere ferdige til å møte Jesus, og han fortalde om Guds hjelp gjennom liding. Det var gledeleg å høyre ein ung forkynnar legge ut Guds Ord på ein oppbyggeleg måte, og mange ønska at han måtte kome tilbake til Sunnmøre med fleire møte.

Ole Gunnar Hegle er 22 år gammal frå Nærbø på Jæren, men studerer no musikkterapi ved universitetet i Agder i Kristiansand. Vi er takksame for ei velsigna veke!

Ståle Tønnesen