Nye oppdagingar og nådemidla

Rett som det er les vi om kristne som har gjort nye oppdagingar eller nye erfaringar i kristenlivet. Det kan gjelda både på det personlege planet og i forhold til arbeidet i Guds rike. Eg les ofte slikt med undring. Nokre gonger har eg problem med å forstå det nye eller det store i det, og eg vert til tider litt oppgitt.

Iblant tenkjer eg at dette er då ikkje nytt. Det er slikt som mange av oss har sett og gjort erfaring med i lang tid, eller det er slikt som er kjent i den kristne forsamlinga gjennom generasjonar. Det kan vera tankevekkande at vedkomande ikkje har sett eller erfart det før. Samstundes framstår det nokre gonger som noko nytt, ved at det har fått ei anna vektlegging eller ein anna posisjon enn det som har vore vanleg. Det skaper med det ei endra forståing av trua, kristenlivet og tenesta.

Det som ofte går att, er at livet i den kristne forsamlinga vert nedprioritert til fordel for eit privatisert kristenliv. Dette ber i seg at forholdet til nådemidla, særleg Ordets forkynning, også vert nedprioritert til fordel for eit personleg formspråk og ei privatisert åndsoppfatning. Individet kjem i sentrum framfor forsamlinga. Mennesket vert orienteringspunktet framfor forkynninga. På kort sikt kan dette synast bra og gje gode opplevingar, men på lang sikt er det åndstappande både på det personlege planet og for kyrkje, misjon og kristenliv i det heile.

Saka er den at Gud har gitt oss ei forsamling å leva i, eit heilagt samfunn. Det er ikkje for ingen ting at vi i den felleskristne vedkjenninga seier at vi trur på «samfunnet av dei heilage» som del av tru på Den Heilage Ande. Forsamlinga og livet i denne, er altså ein sentral del av den kristne trua. Slik har det vore frå apostlane si tid, og slik var det faktisk også i den gamle pakta, og slik vil det vera til Jesu atterkome. Alt som verkar negativt på forsamlingslivet og all «nedsnakking» av det å gå til gudsteneste og på møte, er til åndeleg skade.

Ser vi historisk og globalt på det, ser vi at det er når Guds folk samlast, at Guds rike går fram og det vert eit sunt kristenliv. Vekkingane er eit typisk døme på dette, men vi ser det også svært tydeleg i den forfylgde kyrkja. Når Guds folk sluttar å gå der Guds ord vert forkynt, går Guds rike tilbake. Då skjer den eigentlege sekulariseringa.

Om det er mange eller få som samlast, er ikkje avgjerande. Samstundes er det ikkje eit godt bibelsk ideal berre å samlast i små grupper, om ein kan møtast som forsamling. Det viser seg at der det er få som samlast, går utviklinga ikkje sjeldan i åndeleg usunn retning. Det har med at ein ikkje har folk med nådegåver til å leia og forkynna i ei kvar lita gruppa. Der breidda av nådegåver, og særleg forkynnargåver, ikkje får verka, går det over tid galt.

I vår overindividualiserte og postmoderne tid der det meste vert privatisert og relativisert, må vi vera oss medvitne den kristne forsamlinga og nådemidla. Nådemidla og nådegåvene er primært sette i den kristne forsamlinga og skal verka ut frå denne. Trekkjer ein seg unna forsamlinga, trekkjer ein seg med det unna dei arbeidsreidskapene Gud har gitt Guds folk, både med tanke på eige kristenliv og med tanke på misjon. Personleg bibellesing og bønne- og andaktsliv er ein viktig tilleggsdimensjon til forsamlinga.

Johannes Kleppa