Meir om Guds kjærleik – mindre om Jesus som frelsar

I ei undersøking av unge kristne si oppfatning av misjon har det kome fram at ein legg større vekt på Guds kjærleik og mindre vekt på Jesus som frelsar, enn det som har vore vanleg i klassisk misjonstenking. Det er diverre ikkje overraskande, men det gir likevel grunn til uro og ettertanke.

Det at det skal vera ein slags «motsetnad» mellom Guds kjærleik og Jesus som frelsar, er jo totalt framandt for Skrifta. I Guds ord lærer vi derimot at Guds kjærleik nett kjem sterkast til uttrykk ved Jesus som frelsar. I det som vi kallar «den vesle bibelen» (Joh 3;16), er Guds kjærleik nettopp det at han gav Son sin for at mennesket ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

Når ein vektlegg kjærleiken framfor frelsaren, har ein med det nedtont, omdefinert eller misforstått Guds kjærleik. Då går kjærleiken i retning av det dennesidige, altså omsorg på skaparplanet. Då endrast misjon frå Ordets forkynning til sosial omsorg. Det vil det alltid vera ein fare for skjer, og i vår ekstremt individualistiske og sjølvsentrerte tid, går det automatisk i den retninga – om ein ikkje er seg svært medviten at det ikkje skal skje.

Det er altså stor trong for å blankpussa den kristne misjonstanken, med andre ord gjera klart kva bibelsk misjon er. Misjon kan definerast på ulike måtar, og det er mange sider ved misjonsarbeidet praktisk sett. Det som er spissen i kristen misjon, er like full og alltid at folk må verta frelste. Det gjeld å berga sjeler frå fortapinga til himmelen. Då må Ordets forkynning stå i sentrum, og det må forkynnast som lov og evangelium, slik at folk får motta Guds nåde til frelse.

I dette inngår både undervisning og kristendomsopplæring, samt diakoni og ulike hjelpetiltak. Mennesket skal møtast der dei er, og få hjelp både på det menneskelege og det åndelege planet. Det er likevel forfeila som misjon om siktemålet er redusert til noko mindre enn frelse. I så fall har ein neddimensjonert Guds kjærleik. Folk som er komne til tru, må få grundig innføring i Guds ord og opplæring i kristen tru.

For Sarepta sin del legg vi i Noreg stor vekt på forkynning og bibelundervisning, med det vil vi hjelpa Guds folk til å leva som sanne kristne og gode vitne, samstundes som vi vil nå ufrelste til omvending og nytt liv. Også i landet vårt må misjon ha som hovudsak at folk skal få møta Guds kjærleik til frelse i Jesus Kristus.

I Spania har vi lagt stor vekt på undervisning på Centro Sarepta, men også på forkynning der vi kjem til med det, og på personleg samtale. Grunnen til prioriteringa av undervisning i Guds ord og kristen tru, er at det er etterlyst i mange små forsamlingar i Spania. Forholda er ofte så små og arbeidarane så få, at forkynninga og kristenlivet kan verta overflatisk, og då er faren for fråfall stor og vitnemålet vert svakt.

No har vi også starta med diakonalt arbeid i større grad enn før. Diakonalt arbeid har to siktemål. Det eine er at folk skal få hjelp på det menneskelege planet, altså eit uttrykk for gode gjerningar. Det andre er at dei skal få møta eit kristent vitnemål og koma i kontakt med kristen forkynning. Historisk har det vist seg at diakonien er ein døropnar for evangeliet. Der gode gjerningar og forkynning av Guds ord går hand i hand, får Gud gjera sin kjærleiksgjerning til hjelp og til frelse.

Johannes Kleppa