Kjønnsidentitet og nytale

Det har gått ein revolusjon gjennom samfunnet og i stor grad gjennom kyrkja i spørsmålet om samliv og ekteskap. Det klassiske ekteskapet mellom ein mann og ei kvinne, er erstatta av det kjønnslikegyldige ekteskapet, der det ikkje er sikre sperrer mot ei utvikling i retning alle typar samliv av frivillig karakter.

Det går no ein tilsvarande revolusjon om kjønnsidentitet. Politisk starta den med den forrige regjeringa og vert eskalert av den noverande med kulturministeren i spissen. Det dreier seg både om definering av kjønn, skifte av kjønn og endring av kjønnstiltrekking. I lovverket er det opna for skifte av juridisk skjønn ut frå kva ein sjølv vil ha. No vert det arbeidd med ei lov som skal forby det som vert kalla konverteringsterapi, noko som er svært vanskeleg å definera kva er og som praktisk talt ingen vedstår seg å driva med. Resultatet vert at ein forbyd all hjelp til å endra kjønnstiltrekking frå eige til motsatt kjønn, medan ein vert oppfordra til å utvikla tiltrekninga til eige kjønn.

George Orwell skriv i romanen 1984 om noko han kallar «nytale». Det er at ein brukar nye ord på gamle sanningar på ein slik måte at ein omtolkar dei og gir dei nytt innhald og ny verdi. Slik er det i stor grad i kjønnsdebatten. Det dukkar stadig opp nye ord og ein brukar kjente ord på ein ny måte. Det heile skaper i første omgang forvirring, og i neste omgang ei ny haldning som fører over i nye handlingar. Det som ført vart rekna som galt, vert plutseleg rett – og omvendt.

Dette presser på over alt, med politikarar, media og kulturelite i spissen., og det møter oss i alt frå sport til skule – og særleg i det siste. Skulen har vorte den fremste arenaen for nytalen, og for innføring av ny kjønnstenking. Det har alvorlege og svært negative konsekvensar for mange barn og unge sin kjønnsidentitet. Dette er ei stor utfordring for kristne foreldre, og for alle andre som står for klassisk kjønnstenking, og som har barn i skulen. Det er svært bra at det no ligg føre eit opprop mot dette, og det bør få mange underskrifter. Det er også svært bra at vi har kristne skular som alternativ på dette feltet.

Det er alvorleg nok når antikristen tenking får innpass i samfunnet, og særleg i skulen, men det er enda verre når det får innpass i den kristne forsamlinga, og særleg i leiarskapet. Det har diverre skjedd for Den norske kyrkja sin del når det gjeld samlivs- og ekteskapsrevolusjonen. Diverre synest fleire frikyrkjer og organisasjonar sakte, men sikkert å gå same vegen, gjerna via det som vert omtalt som eit «mellomstandpunkt». Dette er rein nytale, som berre fører til forvirring og villfaring.

Det er naivt å tru at ikkje endring av den klassiske tenkinga om samliv og ekteskap, ikkje vil føra med seg endring av tenkinga når det gjeld kjønn og kjønnsidentitet generelt. Likekjønna eller likegyldig ekteskapstenking bryt med det som er gitt i naturen, og med det ligg det implisitt at ein etter ei tid også opphevar den naturlege kjønnstenkinga generelt. Nytalen sigrar, og haldning og handling vert endra.

Johannes Kleppa