Ein tenar for misjon i Spania

Eg er på nytt ved Centro Sarepta. Denne gongen er det helst praktisk arbeid det gjeld, og det å hjelpa til på senteret med diverse oppgåver. Då vi kjøpte eigedomen var den i god stand, slik at ved å skifta ut sykesengene med vanlege senger og madrasser og ellers ordna nokre mindre ting, kunne vi starta opp drifta. Vi fekk mykje for pengane.

Frå 2017 og fram til no har vi likevel gjort ein god del med bygningen, både for å gjera senteret meir tenleg og meir effektiv i drift. Det har vore eit problem at det frå gangen og inn på romma har vore svært lydt, og det same har det vore mellom nokre av romma. No skifter vi ut skyvedørene med godt lydisolerande dører, har isolasjon i veggen der skyvedørene gjekk inn og plater mange vegger med eit ekstra lag gipsplater. Dette gir svært god effekt, slik at romma vert langt betre enn før.

Kvar gong eg er på senteret, anten det er for undervisning eller for å gjera praktisk arbeid, konstaterer eg at senteret er svært tenleg til Sarepta sitt brukt, og det ligg godt til rette for eit langt meir omfattande arbeid enn vi har kome til no. Senteret er tenleg på fleire plan.

Det vi kanskje i første rekkje tenkjer på er den undervisninga som skjer her både på spansk og norsk, men som anten har vore avlyst eller har skjedd digitalt i koronatida. Denne bibelskulefunksjonen er svært viktig, og det er å vona at det kjem enda fleire elevar og volontørar når koronapandemien ein gong slepper taket, og at fleire frå Noreg nyttar dette tilbodet.

Senteret er også godt eigna som misjonsstasjon som base for arbeid utafor sjølve senteret. Det har skjedd ein god del ved at tilsette og elevar har vore på misjonsturar rundt om i landet, og ved at  bibellærarane også talar i ulike forsamlingar. Også dette kan skje enda meir, om vi berre får meir folk på plass. Senteret kan også brukast som utgangspunkt for diakonalt arbeid i eit nokså stort område. Dette har stått på dagsordenen frå dag ein, men det har ikkje lukkast i noko omfang enda. No har vi fått ein del kontaktar som gjer at vi truleg kan få til noko.

Senteret er altså tenleg på fleire måtar, og eg trur tenkinga rundt det å ha eit slikt bibel- og misjonssenter og det å satsa på det, er strategisk rett, framfor å ha søkjelyset på å etablera forsamlingar. På denne måten kan vi vera til støtte og hjelp for små evangeliske forsamlingar rundt om i landet, samstundes om vi kan oppretta møtestader der det ikkje er evangelisk arbeid frå før. Sarepa kan vera til hjelp ved å delta med forkynning, slik at pastorane, som ofte har denne stillinga på fritida, kan få avlastning. Vi kan arrangera leirar og kurs der folk frå ulike forsamlingar får koma saman til felles oppbygging og inspirasjon, og dette har vi gjort ein del gonger, men kan gjera meir. Desssutan kan senteret vera ein stad der ulike evangeliske samanhengar kan ha forskjellige typar samlingar. Om litt skal det vera ei slik strategisamling med tanke på forsamlingsetablering, og vi vonar det vil gje meirsmak hjå dei som kjem, til å nytta senteret.

I det heile opplevest det svært meiningsfylt med Centro Sarepta og det arbeidet vi får driva her, og det opplevest svært meiningsfullt å får vera ein støttespelar til evangelisk arbeid som har små ressurser. Mange kjenner på trong til meir bibelundervisning og til vokster på det individuelle planet og som forsamling. Sarepta sitt misjonsoppdrag i Spania er i særleg grad å vera ein støttemisjon, kombinert med å bryta nytt land.

Johannes Kleppa