Kyrkja – syn og samvit

Det har skjedd store og dramatiske endringar i Den norskje kyrkja (Dnk) den siste generasjonen. Det same gjeld kyrkja sin plass og funksjon i det norske samfunnet. Dette har ført til at ein del har trekt seg unna kyrkja, og at oppslutnaden i folket er radikal redusert. Samstundes viser den funksjonen kyrkja har i krisesituasjonar, at folkekyrkja trass alt har ein sterk posisjon. Det er ikkje noko alternativ Dnk slik sett.

Den teologiske og åndelege utviklinga med liberal og bibeloppløysande teologi og utflytande og forførande forkynning har ført til at mange bibelforplikta medlemmer har meldt seg ut, eller dei har trekt seg frå oppgåver i kyrkjelyden. Ein del held likevel stand, anten ut frå eit overordna syn på folkekyrkja sin posisjon eller ut frå tilhøva i den lokale kyrkjelyden, men mange av desse slit. Det er vanskeleg å stå i oppgåvene med frimod, særleg ut frå slik biskopane og Kyrkjemøtet opptrer.

Eg var nett på ei samling for «Frimodig kirke», som prøver å vera ei støtte for prestar og lekfolk som enda vil tena i Dnk i truskap mot Guds ord. Mangt kunne vore sagt om det som kom fram der, men eg vil løfta fram ei problemstilling knytt til syn og meining, kontra forplikting og samvit.

Som kjent er det mange syn og eit stort meiningsmangfald i Dnk, men det synest å vera lite rom for handling ut frå samvitsforplikting på den konservative og bibeltru sida. Folk kan meina neste kva dei vil, berre dei ikkje tek konsekvensen av det i handling – altså at dei ikkje let seg styra av samvitet. Rett nok reagerer biskopane når lov og omvendig vert forkynt utvetydig klart.

Denne problemstillinga kom tydeleg fram då ein svært erfaren og profilert prest sa at han med sitt nei til kvinnelege prestar gjerne ville tena i Dnk, men då «med min samvittighet», sa han. Det innebar at han ikkje ville dela nattverd (vera i kommunion) med kvinnelege prestar eller på anna vis handla i strid med samvitet sitt. Det opplevde han at det ikkje var rom for lenger.

Til det svarte biskopen at han gjerne ville ha han som prest, men han kunne ikkje nekta åndeleg samfunn (kommunion) med sine kollegaer. Det var prinsipielt og teologisk uhaldbart, og på det punktet hadde Dnk endra seg. Han kunne altså få vera der med synet sitt, men ikkje med samvitet sitt. Det er ganske voldsomt at ein biskop i ei kyrkje som ber namnet etter Martin Luther, kan be ein prest sjå bort frå samvitet sitt. Luther ville ha reist seg i grava, om han fekk tak i det.

Som argumentasjon vert det brukt at i andre kyrkjer, slik som den katolske og den ortodokse, ikkje er rom for å avstå frå åndeleg fellesskap (kommunion). Til det er å seia to ting. For det første er dette kyrkjer som legg langt større vekt på det kollektive enn det reformatoriske kykjer gjer, som langt sterkare framhever det personleg. For det andre, og det viktigaste, har desse kyrkjene ikkje innført to syn eller to praksisar på noko område som går på lære og tru, og det er nesten utenkeleg at dei kan gjera det. Problemstillinga vert difor ikkje aktuell i desse kyrkjene, og det av teologiske grunnar.

Den norske kyrkja har altså godkjent at det kan vera to syn på kvinneleg presteneste og innført ei ny ordning med kvinnelege prestar. Dette løyste ein nokre år med dei såkalla «køyrereglane», men desse er no tekne bort. I praksis betyr det at det ikkje lenger er rom for eit samvitsforplikta syn som seier nei til kvinneleg prestar. Det er altså ikkje rom for samvitet, berre for meininga. Også i spørsmålet om skilsmisse og attgifte og i spørsmålet om militærteneste og pasifisme er det to syn, men dette har aldri vorte oppfatta som kyrkjesplittande, og det fører ikkje til ulike ordningar med tanke på samvitet.

Den måten som det her vert argumentert på, fører med seg at det relativt raskt også vert stengt for prestar som i samvitet er bundne av at kjønnsnøytral ekteskapsforståing er kyrkjesplittande, og med det nektar vigsel av likekjønna eller å bruka likekjønna vigselsritual. Dette er ikkje uttrykk for dominotenking eller dominoteologi, men det er teologisk prinsipptenking. Den innebygde teologien og tenkinga skuvar altså bibelforpliktinga og samvitet ut, og pluralistisk teologisk tenking inn.

Johannes Kleppa

foto: Adobe stock