Individualisme og fellesskap

Det kan ikkje vera tvil om at individualismen har vakse seg svært sterk i vår tid. Ja, så langt at det til tider går over i det sjølvsentrerte og sjølvgode, i egoisme. I tidlegare tider kunne det vera motsett, at fellesskapet dominerte over individet. Det var lite og ingen plass for den personlege overtydinga eller fridom til å handla etter overtydinga si. Går vi tilbake til reformasjonstida og tida framover, var det faktisk slik at alle i eit land måtte ha same religionen.

Luther gjorde opprør mot kyrkjemakta og kyrkjemøta sin dominans ved si kjende utsegn: «Her står eg, og kan ikkje anna!» Då sette han si personlege overtyding opp mot den politiske og kyrkelege makta, kosta kva det ville. Dette er samvitsorientert individualisme, og det trengst i høgste grad. I vår tid har mykje av individualismen vorte ei form for liberalisme, at ein kvar kan gjera det han vil. Filosofisk er dette sett i system i postmodernismen, som gjer alt subjektivt og relativt.

Det gjeld altså å finna den rette balansen mellom individualismen og felleskapet. Det gjeld både i samfunnet og i den kristne forsamlinga. Dette har Carsten Hjort Pedersen, som var talar på Sarepta si bibelhelg i 2020, skrive ei interessant bok om, «Ethvert menneske er en halvø». Han har gode idear til korleis ein kan få til det, og han har bibelsk fundert rettleiing.

Gjennom Luther og pietismen har individualismen fått ein sterk posisjon, men på ingen måte slik at det kristne samfunnet vert sett til sides. Poenget er at kvar einskild står ansvarleg for Gud, slik at frelsa er personleg. Det nyttar ikkje å skjula seg i massen, eller tru at ein vert frelst fordi ein tilhøyrer eit fellesskap. Men den som vert frelst ved personleg tru, går ikkje inn i eit lukka rom, eit vakuum eller i ei form for isolasjon, men inn i ei kristen forsamling. Kvar einskild kristen lever i eit heilagt samfunn, og vert slik sett frelst saman med alt Guds folk – som i Skrifta vert omtalt som brud.

Reformasjonen la avgjerande vekt på læreprinsippet «Skrifta åleine», men det betyr ikkje at kvar einskild skal sitja åleine med Bibelen og si eiga tolkning – sjølv om ein bør ha sitt personlege bibelstudium. Poenget er at det berre er i Skrifta ein finn openberra kva kristen tru er, men dette skal forkynnast i den kristne forsamlinga. Paulus skriv at det er saman med alle dei heilage vi kan fatta djupnene i Guds ord (Ef 3,18).

Den tanken at kvar einskild avgjer kva kristen tru er, er misbrukt individualisme og misforstått personleg kristentru. Til tider vert det ei usunn og oppfatning av «mi tru». Vi ser stadige døme på at dette fungerer direkte feil, ved at ein lagar seg private oppfatningar av kva kristen tru er, i strid med Guds ord. I Bibelen og vedkjenninga heiter «vi trur». Trua er personleg, men i sitt innhald er ho felles med Guds folk. Det er livet i den kristne forsamlinga som gir djupne og fylde til trua gjennom forkynninga, der ulike nådegåver er i funksjon, og der ein får del i vitnemålet og erfaringa frå andre kristne.

Den rette individualismen og det rette fellesskapet har sitt utgangspunkt i den treeinige Gud. Kvar person i guddommen er eit individ, samstundes som Faderen, Sonen og Anden står i ein relasjon til kvarandre, og med det er eit fellesskap. Som Gud ikkje kan vera noko anna enn ein og tre, kan kristne ikkje vera noko anna enn personleg kristne og del av eit heilagt samfunn.

Johannes Kleppa


foto: Adobe stock