Ei oppmuntring frå Spania

Vi er på Centro Sarepta. Det er laurdag kveld og klokka har passert ni. Kveldsmøtet på leiren for spansktalande er slutt, og deltakarane kjem til matsalen for å eta middag! Det er liv og røre.

Eg står og skrur fast ei gipsplate på rommet ved sidan av kjøkken, for å få betre lydisolering. Andreas Norbye, som er leiar for Sarepta sitt arbeid i utlandet, kjem forbi. Han stoppar og ser på meg som arbeider ein laurdagskveld, og så seier han omtrent slik: Etter møtet no i kveld kom ei dame til meg og sa at ho aldre hadde vore på eit slik møte eller ein slik leir før, og ho hadde aldri høyrt evangeliet forkynt slik. Då Felipe talte på bibeltimen på føremiddagen, var det som han talte direkte til meg, sa ho, og la til: Neste gong skal eg få einkvan med meg, og de må koma dit eg bur å ha møte, så skal eg invitera venner, slik at også dei får høyra dette.

Og så føydde Andreas til: Dette skal du ta til deg når du står her og arbeider!

Ja, eg tok det til meg som ei oppmuntring. Det bør alle som er med i misjonsarbeid gjera, same kva oppgåver ein har. Også det praktiske må gjerast, for at menneske skal få høyra evangeliet til frelse.

Når slikt skjer, er Centro Sarepta i sin rette funksjon – men då må også romma vera i orden og maten må serverast!

Johannes Kleppa