Lovgjerningar og Spania

På Centro Sarepta denne veka har vi hatt framme litt av det apostelen Paulus skriv om lovgjerningar i Galaterbrevet. Ein lovgjerning er noko vi gjer for å oppnå noko inn for Gud. Det er som eit betalingsmiddel vi brukar for å få noko frå Gud. Det vi vil «kjøpa» hjå Gud ved gjerningar, kan vera alt frå frelse til helbreding.

Lovgjerningar kan vera svært ulike, men dei har det til felles at det er noko vi gjer eller noko som har utgangspunkt i vår eigen person, altså i våre føresetnader. Med det er det den radikale motsetnaden til tru, og til det at vi får noko frå Gud for Kristi skuld.

Den sentrale lovgjerninga som Paulus fokuserer på, er omskjeringa og det å leggja seg inn under lovpakta. Det er nok lite aktuelt for oss heidningekristne i dag. I vår norske kultur går det nok meir på å basera seg på sin eigen person og det vi meiner vi «fortener». Då kan også tru verta ei lovgjerning ut frå at styrken i trua avgjer kva Gud vil velsigna oss med.

Eg sit altså i Spania og skriv desse ettertankane, og då har eg tenkt litt på kva lovgjerningar vi møter i misjonsarbeidet blant spanjolar. Det er nok ein god del annleis enn i ein norsk kultur, fordi vi her har å gjera med eit folk og eit land med lang og sterk katolsk historie og tradisjon. Sjølv om landet er svært sekulært og store delar av folket i praksis har forlete den katolske kyrkja, set mykje av kulturen og tradisjonane sterkt i folket. Dei fremste lovgjerningane vert då gjerne forholdet til helgenane og jomfru Maria. Dei må ærast på rett måte om Gud skal kunna velsigna.

Fridomen i evangeliet er i stor grad fråverande og framand. Den religiøsen tenkinga og praksisen er i så sterk grad prega av lovgjerningar, at det er vanskeleg å nå fram med ei evangelisk forkynning og av rettferdiggjering ved tru. Når så bibelkunnskapen er minimal, er vegen lang for å få tak i folk og nå hjarto med evangeliet og fridomen i Kristus. Hjartejorda og misjonsmarka er difor krevjande, og det krevst tolmod og mykje bønn.

Det er likevel ikkje heilt svart. Det er ein god del evangeliske forsamlingar, men mange av dei er svært små og består stort sett av innvandrarar, mange frå Sør-Amerika. Sarepta får til ei viss grad vera ein støttespelar for slike forsamlingar og einskildkristne rundt om i landet. I det eg sit og skriv desse line, har eg gleda av å høyra latter og registrera aktivitet rundt om på huset – og talen føregår på spansk! Det er leir for spansktalande, og senteret er fullt – og det er samla folk frå mange samanhengar.

I forkynninga lyder det gjennom helga ikkje eit ord til lovgjeringar, men om nåde og til tru. Centro Sarepta er altså i bruk til det som er primæroppgåva til senteret!

Johannes Kleppa

foto: Adobe stock