Nei til fusjon med Samemisjonen

Laurdag 2. okt. hadde Samemisjonen Landsmøte (LM) for så ta stilling til den vidare vegen for organisasjonen, særleg om dei skulle fusjonera med Misjon Sarepta eller ikkje.

Det vart kort og godt stemt ja eller nei til fusjon, og då underforstått i tråd med den fusjonsavtalen som var framforhandla. Resultatet var 23 stemmer for og 89 stemmer mot fusjon.

Med det er denne saka komen til sin ende for Sarepta sin del. Sarepta arbeider då vidare ut frå slik ein har arbeidd til no, og med dei planar ein har framover. Sarepta vil framleis satsa ein god del i Nord-Noreg.

Initiativet til å vurdera fusjon kom frå Samemisjonen, det forrige Landsstyret (LS) la fram forslag om det. På Landsmøte i fjor vart saka utsett, særleg for at dei samiske representantane skulle få meir tid på seg til å ta stilling til saka. LS vart bede om å leggja saka fram på ekstraordinært landsmøte innan eitt år, og då med to utgreia alternativ – fusjon med Sarepta eller halda fram som eigen organisasjon. Det vart gjort. Det var utarbeidd ei skisse for korleis ein ville strukturera organisasjonen og korleis ein ville satsa for å kunne driva som eigen organisasjon. Denne skissa vart i liten grad diskuterta i LM, der hovudfokuset var på fusjon eller ikkje. Den framlagde skisse, saman med det som kom fram på LM, vart samrøystes oversendt til LS for vidare behandling av saka. Samemisjonen har altså eit arbeid å gjera framover, men det vil skje uavhengig av Sarepta.

Det var i all hovudsak ein ryddig og sakleg debatt på i LM, og saka har med dette fått ei grei avklaring i Samemisjonen, og med det også for Sarepta. Det var bra at fleirtalet vart så tydeleg, slik at ein slepp uro rundt det. Sjølv om styret i Sarepta meinte fusjon ville vera best for begge organisasjonane, har Sarepta ikkje vore avhengig av slik fusjon. Frå Sarepta si side har det heller ikkje vore noko prestisje i dette, og ein har ikkje vore pådrivar i saka. Det er Samemisjonen som har hatt initiativet, og som det kvilte på.

Det er ikkje vonde kjensler eller noko uoppgjort i denne saka sett frå Sarepta side. Sarepta lever godt med det vedtaket som no er gjort i Samemisjonen, og vi ønskjer Herrens signing over det vidare arbeidet til Samemisjonen, og vi vonar at Guds ord vert forkynt mykje og tydeleg i dei samiske områda.

Johannes Kleppa