Kvinnelege eldste – testspørsmål og maktspråk

Indremisjonsforbundet (ImF) har på nytt stadfesta at dei held fast på at det er eigna menn som skal vera eldste, noko anna ville vore svært overraskande. Dei seinare åra har det både i ImF og andre stader der ein ser tenestedeling som eit bibelsk prinsipp, vorte ein stadig sterkare opposisjon mot dette synet. Nokre trassar endatil den rettleiinga som vert gjeven.

Det er også ein nokså tydeleg tendens til å tona ned den posisjonen denne saka har teologisk sett, og med det nedtona alvoret i å avvika. Det vert no gjerne omtalt som eit ordningsspørsmål, medan det for få år sidan vart definert som eit lærespørsmål. I det som gjeld ordningar, kan ein vera meir fleksibel enn i det som gjeld lære. Den apostoliske argumentasjonen i saka er slik at det i Skrifta utvilsomt framstår som eit lærespørsmål, sjølv om det har ordningsmessige konsekvensar.

Frå nokre vert det vist til at biskop Bo Giertz i si tid definerte kvinneprestspørsmålet som eit testspørsmål, medan andre seier at det ikkje har med bibeltruskap å gjera. Begge delar kan lett misbrukast. Då Bo Giertz sa det var eit testspørsmål, var det primært argumentasjonen han sikta til, og i mindre grad konklusjonen. Den gongen stod det om den apostoliske autoriteten, og måten ein argumenterte på, viste om ein respekterte denne eller ikkje. Ei kan med det ikkje løysa spørsmålet frå det som har med bibelsyn og bibeltruskap å gjera. Samstundes er det slik at ein sjeldan kan definera ein person som bibeltru eller teologisk liberal ut frå eit einskild lærepunkt. Det er totaliteten som avgjer kor ein person står slik sett.

I bedehustradisjonen har det vore slik at ein har rekna eit nei til kvinnelege prestar og eldste som eit berande prinsipp, og avvikande syn har ført til kløyving og splitting. No vert det frå nokre hevda det motsette. Det har endatil vorte sagt at ein ekskluderer 50 prosent av dei kristne til eldstefunksjonen, medan det berre er nokre få som ville trekt seg frå denne oppgåva om det også var kvinnelege eldste. Det er meiningslaust, fordi dersom alle menn og alle kvinner kunne vera eldste, er heile funksjonen i realiteten oppheva. Om ein held fast på at det er menn som skal ha denne oppgåva, er ikkje 50 prosent av kristne skikka til det, berre eit lite fåtal.

Når det har vorte vist til at eigna menn ville trekkja seg frå eldsteteneste om dei måtte vera eldste saman med kvinner, er det ei kjennsgjerning. Det nyttar ikkje å lata som det ikkje er reelt. Det å visa til dette, og det å seia nei i denne samanhengen, er omtalt som maktspråk. Det er skivebom, sjølv om det ofte er slik at det å truga med å trekkja seg, kan fungera som maktspråk. Her dreier det seg om ei overtyding ut frå Guds ord, og då gjerne ei samvitsovertyding. Det må respekterast. Dersom ein vil kjøra gjennom at kvinner kan vera eldste, må ein vera villig til å betala den prisen det er at då vil eigna menn vera uaktuelle.

Det er viktig å halda oppe at spørsmålet om eldsteteneste er eit lærespørsmål, og ein må ikkje la Bo Giertz si utsegn om testspørsmål gå ut på dato, men ein må bruk henne rett. Det er viktig at eldstefunksjonen framtrer på ein slik måte at det verkelege er ei åndeleg lære- og hyrdingteneste som vert utført, og ikkje berre åndelege drøftingar.

Johannes Kleppa

foto: Adobe stock