Misjon Sarepta – tv og radio

Det er veldig mange og ulike arbeidsreiskapar i Guds rike, men det er Ordets nådemiddel som er det avgjerande. Misjon Sarepta er ein lite misjonsorganisasjon, og vi kan ikkje vera med i alt eller over alt, men vi vil gjerne gjera det ytterste for å skapa møteplassar mellom folk og Guds ord. Den aller viktigaste møteplassen er det direkte møtet mellom den einskilde og Ordet, men media er også viktig – særleg ved at ein her når mange, inkludert ein del som ikkje vil møta fysisk opp der Ordet vert forkynt.

Sarepta vil gjerne vera aktivt med også når det gjeld kristent arbeid via media, om det enn må skje i relative beskjedent omfang. Saka har vore på styret sin dagsorden nokre gonger, og då særleg i forhold til to aktørar: Det etter kvart godt etablerte mediearbeidet som P7 og det nye arbeidet som er på beddinga ved TV12 Bedehuskanalen. Det er to hovudgrunnar for at vi vil vera del av desse to mediegreiene.

Det første er at vi har åndeleg og teologisk tillit til dei som står i spissen for arbeidet, og med det til den åndelege profilen dette radio- og tv-arbeidet har eller vil få. Dette inneber ikkje at alt som vert sendt på radio og tv av desse to aktørane, er slik Sarepta ville ha gjort det om ein hadde hand om det sjølv, men det er på ein basis og innan ei ramme som er åndeleg sunn og tillitsvekkande. Slik vil det vera i alle samanhengar der ulike aktørar samarbeider.

For Sarepta sin del er dette svært tydeleg i Spania. Der er det ingen å samarbeida med som i alt og eitt står for det Sarepta står for, men det er forsamlingar av luthersk karakter, av baptistisk karakter, med pinsevennprofil og andre teologiske valørar som er bibelforplikta, evangelisk sentrale og etisk profilerte, slik at vi kan ha gjensidig tillit og støtta kvarandre sitt arbeid. Det er uhyre lite på den lutherske sida, men litt meir på den reformerte.

Den andre grunnen til at vi ønskjer samarbeid med desse to medieaktørane, er at vi ved det kan få presentert Sarepta sitt arbeid i større omfang og med det få fleire støttespelarar, og – det viktigaste – at vi ved det kan nå lengre ut med forkynning av Guds ord. Vi får ein større møteplass for Ordet. Her kan ein evangelisera, undervisa og rettleia.

Dei fleste kjenner nok P7 best for sendingar her i landet, men dei støttar også radioarbeid i mange land rundt i verda, mellom dei Spania. Vi vonar å finna ei ordning der Sarepta kan vera del av P7 sitt arbeid, særleg i Spania. Får vi det til, kan det opna nye vegar i arbeidet.

TV12 Bedehuskanalen er under oppbygging og reknar med å starta sendingar rundt 1. desember. Det er eit imponerande arbeid som her er lagt ned for å få på plass ein seriøs tv-kanal som arbeider ut frå ideala i bedehusland. Styret i Sarepta har sagt at vi ønskjer å vera ein støttespelar til denne kanalen, og så får tida visa på kva måte det kan skje.

Sarepta har kome svært kort med tanke på radio- og TV arbeid enda, men vi vonar å koma vidare om ikkje lenge. Må Herren få opna og stenga dører også på dette området etter som han ser er tenleg for si sak – for sjølve frelsa!

Johannes Kleppa