Abortspørsmålet er livsspørsmålet

Det er eitt enkeltspørsmål som står over alle andre spørsmål med tanke på livet her på jorda. Det er abortspørsmålet. Det står om sjølve livet, om ein skal få leva eller ikkje. Alt som vi steller med, er jo avhengig av at vi har fått livet.

President Ronald Reagan var ein sterk forsvarar av livet og mot fri abort. Det vert fortalt om at han ein gong var invitert til å halda ein tale på eit møte for fri abort eller fritt val. Det var jo ein stad han eigentleg ikkje passa inn, og folk var svært spente på korleis han ville takla det, og kva han ville seia. Han starta talen md ein lengre kunstpause, der han stod ei stund og såg ut over forsamlinga og let blikket vandra att og fram medan det vart stillare og stillare. Så kom det omtrent slik: «Eg registrerer at alle her er fødde.» (sitert etter minne) Grunnen til at dei var der og kunne kjempa for fri abort, var at mor deira ikkje hadde vald dei bort. Det at dei fekk livet var føresetnaden for deira noverande engasjement for fritt å kunna velja livet bort. Det seiest at det var som eit vakuum etter Reagan sin opningsreplikk.

Livet er fundamentalt for alt anna som gjeld mennesket. Det er i og for seg ei heilt sjølvsagt sak, som ingen kan seia seg usamd i. Det synest likevel å ha lite eller ikkje noko å seia for dei som engasjerer seg for at foster skal kunne fjernast frå mors mage, berre med ei eller anna tidsgrense i svangerskapet for når det skal kunna skje. Fleire parti her i landet vil at det skal vera til veke 22, altså til då fosteret er livsdyktig. I andre land er det sentrale politikarar som meiner grensa går ved fødselen. Det kan ein berre meina fordi ingen tok eins eige liv, men ein vart fødd og fekk leva opp. Det fosteret som vart teke av dage, får ikkje uttala seg. Det er det ein omtalar som «det tause skriket».

I denne valkampen har det vore ein del debatt knytt til abortlov, men det har konsekvent vore om retten til fri abort, altså fritt fosterdrap, skal utvidast eller ikkje. Fleire parti går altså inn for det siste, medan andre vil halda på noverande lov. KrF går sterkt mot liberalisering av noverande lov, og ønskjer primært ei livsvernlov, sjølv om det har vorte lite fremma i valkampen.

Retten til liv er eit fundamentalt og absolutt etisk standpunkt. Livsrett og menneskeverd høyrer saman som to sider av same mynten. Der livsretten taper terreng, taper menneskeverdet tilsvarande. Dette prinsippet er difor også kristent sett gjeldande i politikken. Samstundes er det i politikken slik at ein ikkje alltid når fram med sine primærstandpunkt og det ein meiner etisk sett er rett. Då vert spørsmålet kva ein så gjer, og om ein støttar standpunkt som ein reknar som det etisk minste onde i ein gitt situasjon, slik som ved endring av abortlova.

Ein kan velja å stemma mot alle forslag som ikkje respekterer fosteret sin livsrett fullt ut, eller ein kan velja å stemma på det forslaget som gjer at færrast mogleg barn vert tekne av dage i mors liv. Det er ikkje eit fasitsvar på kva ein bør gjera i ein slik situasjon, men ofte vil ein velja det minste av to onde. Det føreset i så fall at ein har gjort utvetydig klart kva eins primærstandpunkt er ut frå kristen etikk.

Den kristne rettleiinga i forkynning og undervisning må vera krystallklar på dette området, elles undergrev ein i røynda all forkynning av lov og evangelium. På det personlege planet må ein ta fullt ansvar for fosteret sin livsrett, der det berre er nødsprinsippet og det etiske dilemma med liv mot liv som kan rokka ved det. Ein må også støtta alle gravide kvinner til å bera fram barnet sitt og hjelpa dei etterpå, når det er nødvendig – og så er det nåde og tilgjeving også i dette spørsmålet ved erkjenning av synd. I politikk og samfunnsliv gjeld same etiske prinsippet, men her vil samstundes fornufta ha eit visst spelerom med tanke på kva måte ein fremjar livsretten og bergar ufødde liv på.

Kristent sett er ja til liv og nei til fosterdrap eit spørsmål som bind samvitet, fordi Guds ord er eintydig klart når det gjeld livsrett og menneskeverd – alle, også fosteret, er skapte i Guds bilete.

Johannes Kleppa

foto: adobe stock