Korona – vaksine og kristent arbeid

Det var vel svært få som i mars 2020 tenkte at koronaen skulle prega samfunnet i slutten av august -21, og at det faktisk skulle vera stigande smittetal, rett nok med relativt få innlagde på sjukehus og få dødsfall. Då eg reist heim frå Centro Sarepta 10. mars i fjor, og fekk karantene frå 12. mars, tenkte eg at det dreidde seg om veker, og maks nokre få månader, før eg var tilbake dit. No innser eg at det vil gå over halvanna år før eg er tilbake. Koronapandemien har hatt stor innverknad på det kristne arbeidet.

Sjølv om det er relativt høge smittetal i landet vårt no, er ikkje samfunnet stengt ned på same måten som i tidlegare periodar. Det har i hovudsak med at mange er vaksinerte, og at i løpet av dei komande vekene vil dei aller fleste vera det.

Det har vore nokre hovudtrådar i styresmakta sin måte å takla pandemien på. Det har vore generelle smittevernreglar som avstand, handhygiene og munnbind, samt testing, smittesporing og karantene – og så har nedstenging av større eller mindre delar kome på toppen av det. Det som har vore det aller viktigaste i strategien, er vaksinering, og det har fått stadig sterkare vekt. Det er omfanget av vaksinering som vil avgjera når samfunnet kan opnast fullt ut, og med det at også alle restriksjonane med tanke på kristent arbeid er bort. Etter fagetatane og styresmakta si vurdering er det berre at rundt 90 prosent vaksinerer seg, som kan få bukt med koronaen som pandemi.

Det er del av kristen etikk å fylgja påbod frå styresmakta. Det gjeld i stor grad også råd som styresmakta gjev. Det er berre om styresmakta byd oss å synda eller vil hindra oss å gjera Guds vilje, at det er etisk rett å nekta lydnad (Rom 13). No har ikkje styresmakta påbode vaksinering, men sagt at det er frivillig. Samstundes har styresmakta sterkt tilrådd at alle unge og vaksne gjer det, så sant at det ikkje er særlege grunnar for å la det vera. Det er altså på denne måten styresmakta ser det mogleg å få bukt med pandemien med det den fører med seg av sjukdom, død og samfunnsproblem. Styresmakta gjer altså her ei god gjerning.

Dette bør folk, og særleg kristne, leggja vekt på når ein skal ta stilling til om ein vil la seg vaksinera eller ikkje. Det må telja sterkt med i lydnadsplikta til styresmakta, sjølv om det ikkje dreier seg om eit påbod. Det er ikkje nok at vi fornuftsmessig er usamde med styresmakta for å nekta lydnad, det må dreia seg om ei samvitsforplikting om det skal vera etisk rett. I denne saka er likevel ikkje lydnadsplikta absolutt fordi styresmakta har sagt at vaksinering er frivillig. Samstundes ligg det eit samfunnsansvar i kva ein vel, ikkje berre ei vurdering av personleg karakter.

I det som gjeld samfunnsansvaret ligg også ansvaret for på nytt å skapa vilkår for eit kristent arbeid som kan drivast utan restriksjonar. Dei restriksjonane som har vore på å kunna samlast, har vore til stor skade for det kristne arbeidet. Mange av oss har meint at styresmakta ikkje har teke nok omsyn til trusfridomen og forsamlingsfridomen i sine prioriteringar når det gjeld nedstenginga av samfunnet, men vi har likevel fylgt dette opp, fordi det har vore del av lydnadsplikta mot styresmakta. Når det er slik, må ein samstundes bidra det ein kan til å få opna det kristne arbeidet for fullt, og det må ein også ta med i vurderinga av å la seg vaksinera. Det er etisk problematisk om ein vil ha del i godene ved opninga av samfunnet og det kristne arbeidet, om ein ikkje vil ta sin del av ansvaret for det.

Johannes Kleppa