Pengar – åndsmakt og gudsteneste

Det står mykje i Bibelen om pengar og rikdom, langt meir enn den plassen dette har i forkynninga. Pengar er omtalt både negativt og positivt, alt etter kva haldning ein har til pengar og korleis ein brukar dei. Pengar kan vera alt frå ei negativ åndsmakt til at bruken av dei er ei gudsteneste.

Guds ord seier at «kjærleik til pengar er ei rot til alt vondt» (1. Tim 6.10) Det er altså ikkje pengane i seg sjølv som er omtalte slik, men kjærleiken til dei. Det er det vi kalla havesjuke eller materialisme. Då fungerer pengane som øydande åndsmakt.

Samstundes oppmodar Guds ord oss til å vinna oss venner ved «den urettferdige mammon», slik at dei kan ta imot oss i dei evige bustader (Luk 16.9). Sjølv om mammon eller pengar er urettferdige, kan dei brukast til noko godt, til å vinna folk for himmelen.

I sitt andre brev til korintarane brukar Paulus heile to kapittel på gjevartenesta (8 og 9). Her omtalar han innsamlinga av gåver som «dette kjærleiksverket» (8.7), og han seier at «Gud elskar ein glad gjevar» (9.7). Apostelen karakteriserer gjevartenesta som «ei prøve på kor ekte de er» (9.13). Det er altså ikkje uåndeleg eller ubibelsk å tala sterkt og konkret om gjevarteneste – heller tvert imot. Når vi lite likar å tala om eller å høyra om pengar og gjevarteneste, kan det vera uttrykk for manglande bibeltruskap. Det kan dreia seg om at vi ikkje står på testen om å vera ekte.

Eg skriv dette som ettertankar etter enda ein gong i embetets medfør som formann i Sarepta å ha sett over gjevarlistene. Det var ein stund sidan eg hadde gjort det no, og eg vart overvelda nok ein gong. Det er med stor takk og glede eg les desse listene. Det er reint oppbyggeleg og til stor inspirasjon i den tenesta eg har fått i Sarepta. Eg kjenner eg vert audmjuk i møte med gjevarane og tenesta, sjølv om eg skal vera varsam med å omtala meg som særleg audmjuk.

Ein god del av dei som gjev til Sarepta, kjenner eg, men langt frå alle. Det slår meg at det er stor breidd i kor gjevarane kjem frå i det kristne landskapet og geografisk, og det er stor variasjon i alder. Som ein etter kvart ein godt vaksen mann, kjenner eg ekstra glede ved dei unge gjevarane, uavhengig av kor store gåvene er.

Sarepta er velsigna med relativt mange faste gjevarar, og ein god del av desse gjev etter måten store summar. Det er til stor lette i arbeidet for oss som har leiaransvar, anten det gjeld styret eller administrasjon. Ein sparer tid, krefter og engasjementet, slik at dette kan brukast på det utadretta arbeidet. I desse koronatider med få møte og med det reduserte kollektar, har den faste gjevartenesta vore ekstra viktig. Det er dei jamne gåveinntektene som er det berande, men det gir eit ekstra løft med nokre store gåver.

Eg håper inderleg at alle som er med i gjevarteneste til misjonsarbeid, anten det er i Sarepta eller andre samanhengar, ser og opplever denne tenesta som ei åndeleg gudsteneste. Det dreier seg om eit kjærleiksverk overfor Gud og menneske. I dette ligg det ein stor rikdom. Den som ikkje har sett det, men er bunden i kjærleik til pengar, går glipp av noko stort.

Paulus avsluttar undervisninga si til korintarane om gjevarteneste med fylgjande sats: «Gud vere takk for si useielege gåve!»

Johannes Kleppa

foto: Adobe Stock