Songen tonar igjen på Centro Sarepta

Dei siste dagane har me hatt besøk av nokre gode vener av Centro Sarepta, og fleire av dei er særs habile musikarar. Etter halvanna år med musikalsk tørke her på senteret kunne me ikkje la høvet gå frå oss til å spela litt ilag. Tanken var vel først å berre musisera litt. Men så vaks tanken litt på oss, og me blei samde om å invitera nokre fleire til å vera med å syngja om og til Herren. For det står jo skrive:

Rop av fryd for Herren, de rettferdige!

Det er rett at dei rettskafne syng lovsong.

Pris Herren til lyre,

spel for han på tistrengja harpe!

Syng ein ny song for han,

spel vakkert og rop med jubel!

For Herrens ord er sant,

alt han gjer, kan ein lita på.

Han elskar rettferd og rett,

jorda er full av Herrens miskunn.

~ Sal. 33:1-5.

Så altså, gode grunnar til å både spela og syngja! Men, problemet her i Spania, som mange andre stader, er avgrensingane i kor mange som kan samlast per kvadratmeter innandørs. Med dei reglane som gjeld i skrivande stund har me lov å vera maksimalt 13 personar i møtesalen her på Centro Sarepta. Me ville likevel utnytta dette fullt ut, og fylte møtesalen til randa – i coronaforstand. Trass i det, var det mange fleire me så gjerne ville ha invitert med oss, så me satsar på at det kan bli fleire liknande samlingar i framtida!

Me song for det meste på spansk, men sidan me hadde eit par danskar iblant oss henta me fram nokre få songar på dansk og engelsk i tillegg. Mellom songane var det fleire av dei inviterte som både lyfte opp bøn til Gud, og delte vitnesbyrd om Herrens frelse.

Ein av dei me song heiter “Glorioso Intercambio”, på norsk noko slikt som “Fantastiske, strålande bytte/utveksling”. Deler her ei kjapp omsetjing av innhaldet, heilt utan forsøk på å få med rim og rytme:

Korleis kan det ha seg at den Gode og Rettferdige

vart menneske og gjekk i døden for den verste syndaren?

Eg var fienden hans, men likevel leid han i min stad,

oppe der på krossen.

Korleis kan det ha seg at i Jesus,

Tok Gud imot meg som sin eigen son? Og no bêr eg namnet hans!

Jesu perfekte liv, i lydnad mot sin Far,

er ved trua blitt tileigna meg, og eg er tilgitt.

For han bar mine misgjerningar på seg,

Og ved trua er hans rettferd no blitt mi.

Halleluja! Fantastiske, strålande bytte,

Å, så stor ei gåte, at ved nåde så er eg frelst!

Halleluja! Ære vere Kristus, for det offer han gjorde

Tekst og foto: Eiríkur A Melberg