Har Gud openberra seg?

Det store spørsmålet i kristentrua er om Gud har gjort seg kjent for oss ved openberring eller ikkje. Det er også det store og avgjerande spørsmålet når det gjeld lære og etikk.

Dersom Gud ikkje har openberra seg og sin vilje, må vi vera på nivå med Gud eller i ein umiddelbar posisjon overfor Gud, for å kunna ha kontakt med han. Gud må då vera del av skaparverket eller opptre direkte i dette, og det kan ikkje ha skjedd eit syndefall eller noko som har brote kontakten med Gud.

Dersom Gud er utanom eller over skaparverket, må Gud på ein eller annan måte koma mennesket i møte for at det skal vera kontakt mellom dei. Det skjedde i fylgje Bibelen i Edens hage. Har det skjedd eit syndefall, slik urhistoria fortel om det, har mennesket kome i ein posisjon der det ikkje har umiddelbar kontakt med Gud. Gud og mennesket er på sett og vis i kvar sin sfære. Då er einaste sjansen for mennesket, at Gud oppsøkjer og gjev seg til kjenne for mennesket på overnaturleg måte. Det er dette Bibelen kallar openberring. Mennesket er altså av seg sjølv ikkje i stand til å finna fram til og få kontakt med Gud, og det vil heller ikkje kjenna Guds vilje fullt ut, berre ut frå det ein kan læra av naturen.

I all kristen tru og teologi har ein difor lagt til grunn at Gud måtte openberra seg, og at han har gjort det. Denne openberringa er ved ord og ved Ordet, og vi finn denne openberringa i Bibelen – og berre der. Bibelens tekst, slik han føreligg for oss, formidlar Guds openberring til oss. Ein kan tilretteleggja denne openberringa på litt ulike måtar med tanke på bibelsyn og teoretisk forståing. Poenget er til sist at openberringa har skjedd, og at vi finn denne på absolutt og truverdig måte i Skrifta som Guds ord.

Teologien arbeider ofte med spørsmålet om korleis skrift og tekstar har blitt til. Det kan i og for seg vera interessant, men det vert feil om vitskaplege forklaringar av dette må til for at vi skal kunna lita på det som står skrive. Poenget er ikkje den såkalla «tilblivelseshistoria», men den teksten vi har. Vi føreheld oss til det vi kan lesa, ikkje til det som ligg bak. Det er faktisk også slik at dei som formidla det som teksten fortel, ikkje alltid forstod innhaldet sjølv. Det endrar ikkje på at det er openberring for oss. Rett nok kan det vera nyttig og nødvendig med kunnskap om språk og kultur, og den historiske situasjonen på den tida teksten vart nedfelt eller omtalar, for å kunna forstå ord, seiemåtar, fakta og biletbruk rett, men generelt er formidlinga slik at teksten talar umiddelbart til oss som openberring.

I samband med homofilispørsmålet vert det ofte diskutert om Paulus kjente til homofili og ulike typar homoseksuelle forhold på si tid. Som ein opplyst og lærd mann gjorde han nok det, men dette er like fullt underordna. Det han formidlar, er Jesu Kristi openberring, og det i alt han skriv. Det Paulus ikkje visste, det visste Gud – og vi får det som openberring av Guds frelse og Guds vilje, både det Paulus kunne ha naturleg kunnskap om og det han ikkje kunne vita ut frå sitt eige hjarta. Tekstane om homofili og samliv er slik dei faktisk føreligg, Guds openberring – og denne er sann, og vi er forplikta på denne openberringa som Guds ord og vilje.

Ja, Gud har openberra seg og sin vilje, og denne openberringa finn vi i Skrifta – slik ho føreligg for oss.

Johannes Kleppa

foto: Adobe Stock