Holmen – fellesskap på tvers

Eg skriv denne Ettertanke frå Holmen Leirsted, der eg er på bibelcamp for Sarepta. Sarepta har arrangert bibelcamp her nokre år no, men i fjor måtte den avlysast på grunn av koronaen. I år har det gått greit å gjennomføra campen, sjølv om ein må vera nøye på det som har med smittevernreglar å gjera.

Eg var på Holmen også for to år sidan, og det er flott å vera tilbake. Det er Normisjon som eig leirstaden, som har enkel standard, men som ligg flott til ved sjøen litt nord for Finnsnes, på det smalaste over til Senja. Det er ein ideell plass for ein bibelcamp med vekt på folk i alla aldrar, særleg barnefamiliar. Her kan folk bu i campingvogn, bubil eller på hytte. Det er å håpa at plassen kan vert litt oppgradert, slik at det vert plass til enda fleire gjester – og det skal ikkje så mykje til.

Sjølv om det er enkle forhold, er det altså ein flott stad å vera. Det er mogleg med aktivitetar både på sjø og land, men aller mest er det god tid til forkynning og fellesskap. Noko av det som eg sjølv set mest pris på med denne bibelcampen, er det fellesskapet som er på tvers av alder og bakgrunn. Det er svært gledeleg med dei mange barn og unge som er her, og som det delvis er eigne opplegg for når det gjeld forkynning og undervisning, og som delvis deltek på møta saman med dei vaksne. Det er fint å sjå familiar sit saman under forkynning av Guds ord og syng dei same songane. Det er mange barnefamiliar, og med det er det kjekt for barna – og det at barna opplever det kjekt å vera på kristne samlingar, er svært viktig.

Det som er like flott, er at det kjem folk frå ulike kristne samanhengar. Nokre har bakgrunn frå læstadianske samanhengar eller dei går i ei læstadiansk forsamling, andre er knytte til Misjonsambandet eller andre samanhengar. Sarepta er ein så liten organisasjon at ingen kan vera «reine» Sarepta-folk, ein må han tilknytting også andre stader, om ein skal leva i ei kristen forsamling og få nok forkynning av Guds ord. Sarepta kan leggja til rette for ekstra forkynning, og ved ein bibelcamp som Holmen, kan ein få gje relativt mykje samanhengande undervisning og forkynning. Det har stort verd. Når ein er samla om forkynning der deltakarane har noko ulik åndeleg bakgrunn, utløyser det gjerne god og lærerike åndelege samtalar.

I det heile er det ein stor rikdom for Sarepta at organisasjonen samlar folk frå ulike samanhengar, der fellesnemnaren er at ein vil halda fast på Bibelen som Guds ord, at ein vil ha allsidig og Kristus-orientert forkynning og at ein vil misjon. Som Guds folk må vi stå saman så langt som mogleg på Guds ords grunn, og i teneste for Guds rike.

Det er tydleg at trivselen er stor på Holmen, både blant barn og vaksne. Det er også tydeleg at folk set pris på å koma avsides for å høyra Guds ord over tid, og at dei set pris på det som vert forkynt. Det er dessutan tydeleg at dei som er her, set pris på det åndelege fellesskapet på tvers av noko ulik åndeleg bakgrunn og kristen tilknytting.

Det går mot slutten av årets bibelcamp på Holmen, men det er berre å plotta inn Holmen sommaren 2022!

Johannes Kleppa