Hallesby -nest etter Hauge?

Alle som fylgjer med i kristen samanheng, må ha fått med seg at det i år er 250 år sidan Hans Nielsen Hauges fødsel. Ein del har sikkert også fått med seg at det dei siste dagane har vore ein debatt om professor Ole Hallesby sin plass ved Menighetsfakultetet (MF). Det synest å vera nokså stor semje om at ingen einskildperson har hatt så mykje å seia for kristenlivet i landet vårt som Hauge. Det er sagt at det først var ved han at Noreg vart kristna. Han er ein av dei – og kanskje den – som har hatt mest å seia for utviklinga av landet vår i det heile. Han er omtalt som det største nordmann.

Men kva med Ole Hallesby? Han er på mange måtar omstridt, og det viser på ein litt snodig måte debatten som har vore om ei eventuell flytting av bysta av han på MF. Er han ein mann som ein helst bør gløyma, eller er han ein mann som bør lyftast enda meir fram? Det er jo ei umogleg øving å avgjera kven som er minst og størst i landet, og enda meir kven som er minst og størst i Guds rike. Skal eg likevel gjera noko så narraktig, trur eg Ole Hallesby kjem nest etter Hans Nielsen Hauge når det gjeld betydning for kristenlivet i landet vårt – vurdert med menneskelege mål.

Det er lett å finna «feil» og motsetnader hjå Hallesby, men Hauge var nok ingen fullkomen mann han heller. Når Hallesby sitt namn vert nemnt, er det ofte knytta eit «men» eller noko negativt ved det, til forskjell for når Hauge vert nemnt. Eg reagerer ofte på det, fordi vi står i stor skuld til Hallesby, også vi som ikkje er samd med han i alt. Vi rekk han ikkje til ankelen åndeleg sett.

Hallesby var politisk konservativ, men samstundes radikal. Han var teologisk konservativ, men drog med seg liberale element frå ungdomen. Han kjempa for Bibelens autoritet, men han var ingen fundamentalist i bibelsynet. Det var like fullt han som tok hovudkampen mot den liberale teologien, og på sett og vis nedkjempa denne. Hallesby var ein intellektuell og lærd teolog, samstundes som han forkynte enkelt og til vekking. Han var professor ved MF i utrulege 42 år, samstundes om han var med nesten over alt også ellers i det lutherske Kristen-Noreg. Han dreiv dessutan omfattande sjelesorg både i samtale og ved brev, for ikkje å seia gjennom forkynninga og bøkene. Han var eit sterkt bønnemenneske. Det er utruleg kva Hauge vann over i løpet av få år, men det er også utruleg kva Hallesby vann over gjennom eit langt liv.

Sjølv om Hallesby ikkje var blant grunnleggarane av MF, vart han den drivande krafta i oppbygginga av fakultet som teologisk konservativt. I over ein mannsalder var han den dominerande professoren i auditoriet, som forfattar og ved sin reiseverksemd for fakultet. «Hallesby-prestane» kom ut frå MF som vekkingsprestar som på rulleband. Det var viktig med tanke på forholdet til bedehuset og dei store vekkingane som kom frå rundt 1930 og som vart til etter krigen. Aristokraten og den noko kyrkjelege Hallesby og det enkle, men myndige lekfolket fann saman. Den liberale teologien vart nedkjempa med Hallesby som general, ikkje minst ved Calmeyergatemøtet.

Hallesby engasjert seg i stor grad i dei kristne organisasjonane. Han var lenge formann og den formande krafta i Indremisjonsselskapet, men han var også sentral i Santalmisjonen og i Skulelaget. Han talte ved eit uttal av store og profilerande stemne og generalforsamlingar.

Hallesby var også ein stor strateg, ikkje minst med tanke på å vinna og forma dei unge – særleg studentane. Han skreiv tidleg ein artikkelserie som vart publisert fleire stader, der han skisserte eit strategisk program for kristenfolket, særleg med tanke på kristen skulesatsing. Sjølv om ikkje alt dette vart gjennomført, var det eit viktig signal for å forma den kristne ungdomen.

Då siste verdskrigen kom, steig Ole Hallesby fram som den store hærføraren mot nazismen, rett nok saman med folk som Eivind Berggrav og Ludvig Hope. Med den posisjon Hallesby hadde både blant prestane og i lekfolket, var han nok den viktigast – og den tyskarane var mest redd.

Det skal godt gjerast om nokon kan målast med Ole Hallesby i hans omfattande teneste i og for Kristen-Noreg. Det skal han takkast og hyllast for. Det er grunn til å fylgja i fotspora hans slik sett, om vi ikkje gjer det i alt han stod for teologisk eller i bibelsynet.

Johannes Kleppa

Bilde: Adobe Stock