Bibelhelg og Landsmøte – velkomen!

Misjon Sarepta inviterer til bibelhelg og landsmøte på Nærbø/Frøyland 25. – 27. juni. Vi håper mange finn vegen dit, og no skulle heller ikkje koronasituasjon setja alt for mange grenser.

Kombinasjonen landsmøte og bibelhelg er eit medvite val. Vi ønskjer at Landsmøtet skal stå i ei ramme av mykje og solid forkynning. Det er forkynning og bibelundervisning som skaper fundamentet for og dannar retninga i misjonsarbeidet, og som skaper misjonssyn og misjonsdriv. Forkynning må difor vera det sentrale i alle delar av arbeidet.

Bibelhelg har vi kvart år denne helga i juni, og det har alltid vore gode samlingar. For ein liten misjonsorganisasjon som Sarepta, har det vore god oppslutning om bibelhelgene. Folk har kome frå ulike delar av Kristen-Noreg og frå ulike delar av landet. Det har vore møta og bibeltimane som har dreg folk og som har skapt samhald.

Landsmøte har vi kvart tredje år, men dei to mellomliggjande åra seta vi av tid til informasjon og samtale om arbeidet. Anten det er landsmøte eller informasjon og samtale om arbeidet, er alle velkomne til å delta. Det er viktig at dei som støttar arbeidet, er godt orienterte om arbeidet, og at alle kan koma med innspel og kommentarar til styret og leiinga. Det gjeld både det som skjer her i landet, og det som skjer i Spania.

Sidan Sarepta er ein ung organisasjon og Landsmøtet er kvart tredje år, er det faktisk berre tredje gongen vi har landsmøte. Sjølv om vi kvart år har ei samling som fokuserer på arbeidet, er Landsmøtet ei spesielt viktig samling. Sidan Sarepta har ein svært enkel organisasjonsstruktur med eit i hovudsak sjølvsupplerande styre, har styret relativ stor makt i organisasjonen. Det gir ei billig og effektiv styringsform der organisasjonen er fleksibel og kan handla raskt. Det har sine klare fordelar, men det set styret i ein utsett posisjon der ein kan misbruka makta.

Ut frå dette er det viktig at styret står til ansvar for Landsmøtet når det gjeld årsmelding og rekneskap, og at ein styremedlem og ein varamedlem vert vald det. Det er ikkje mindre viktig at misjonsvennene kan koma med synspunkt, idear og kritikk. Landsmøtet gjer at styret må opptre ope eller transparent. Landsmøtet skal vera eit organ som sikrar at alt skjer ope, og som hindrar at det utviklar seg usunne haldningar og kritikkverdige handlemåtar i organisasjonen. Av denne grunn er det viktig at støttemedlemmar og andre som er engasjert i Sarepta møter opp og seier meininga si, både når dei er samde og usamde med styret. Dette har med tillit i misjonsarbeidet å gjera.

Ved at ein møter opp på Landsmøtet som er del av bibelhelga, får ein med det også med seg den forkynningsprofilen som Sarepta ønskjer å stå for, slik at ein veit kva ein støttar, når ein støttar Sarepta. Ved denne årlege bibelhelga prøver vi å ha variert og sunn bibelundervisning og forkynning, samstundes som vi også vel nokre tema som har ein profilerande funksjon inn i den åndssituasjonen vi lever i og med tanke på Sarepta sitt arbeid.

Velkomen til kombinasjonen av landsmøte og bibelhelg!

Johannes Kleppa

Program: https://misarepta.com/arrangement-3/

foto: Adobe Stock