Gledeleg lesnad

Eg er ofte inne på heimesida til Misjon Sarepta, og for tida les eg med ekstra glede. Det har ikkje sin grunn i mange og viktig nyhendeoppslag eller i gode kommentarartiklar. Tvert imot, så kunne og burde det vore fleire slike.

Derimot har det sin grunn i møtekalenderen og i reisebloggen. Det er gledeleg sjå at møteverksemnda er på veg oppatt. Alt for lenge no har det ved mange av møta stått «avlyst» eller «utsatt» på grunn av koronatiltak. No er det nesten heilt slutt på det, og det er fleire møte for dagen – og enda fleire vil det verta framover.

På reisebloggen får vi glimt frå møta rundt omkring, og sjølv om det varier med oppmøtet og det ofte er få til stades, er folk generelt glade og takksame for at dei på nytt kan få koma saman i det heilage samfunnet og høyra Ordet forkynt. Det er å vona at stadig fleire vil ta ut på møta.

Eg les reisebloggen med stor interesse, og eg synest det er interessant og nyttig å få litt kjennskap til korleis det er med møteverksemd og kristent arbeid rundt omkring. På mange stader der Sarepta har møte, er det sjeldan samling om Guds ord og det er heller ikkje store flokken som kjem. Det er like fullt viktige samlingar. Noko av grunnen til at det er mogleg å koma rundt på desse stadene, er at vi har fått to bubilar, og at vi har relativt mange faste gjevarar – og vi vonar på enda fleire

Det hender at det ikkje dukkar opp folk. På Sjernarøy midt i Rogaland kom det ingen fastbuande, berre hyttefolk som var med og arrangerte møta. Det har kome fastbuande før, og det vil koma folk seinare. Det gjeld å hald motet oppe og stå på, og det bør vera eit bønneemne for folk i «det kristne» Rogaland.

Noko av det glede ved å lesa heimesida til Sarepta no, er å sjå kor rask organisasjonen er til å tilpassa seg situasjonen og kom i gang att med møte hurtig. Det viser at vi har ein «lettbeint» og handlekrafit organisasjonsstruktur, men like mykje at vi har folk som snur seg raskt og tek initiativ. Det meste skjer på initiativ frå Sarepta si side. Det vert ikkje noko offensivt ved å sitja og venta på spørsmål.

Det er også gledeleg at det er god påmelding til bibelcampen på Holmen leirsted i Troms, og vi vonar på god oppslutnad om Bibelhelga og Landsmøtet 25.-27 juni på Holmavatn/Nærbø. Ungdomsleiren i Kragerø må vera midt i blinken, og så prøver vi på fjellvandringsleir i Romsdalen – så det er berre å hiva seg på.

Midt i det tragiske ved at vi har måtte halda stengt på Centro Sarepta i over eit år no, og må ha det slik til over sommaren, skaper nye erfaringar glede. Vi har ikkje kunna reisa rundt om i Spania, men digital undervisning har gitt kontakt med ein god del. Ekstra gledeleg har det vore at vi ved «digital møteveke» på spansk som er tilpass klokka i Sør-Amerika, har hatt mange på «møte» kvled etter kveld. Det bør vi ta med oss også etter koronaen si tid, sjølv om møta må starta kl. 02.30 norsk tid!

Følg med på heimesida til Sarepta du også, og gled deg over møteverksemda og over folk som er takksame for forkynninga!

Johannes Kleppa