Teologisk trykk

Vi skal vera varsame med å psykologisera teologisk endring eller utvikling og teologiske standpunkt. Vi skal primært halda oss til det som faktisk vert lært og argumenta for det. Teologi skjer likevel ikkje i eit teologisk vakuum, men i ein bestemt kulturell og åndeleg samanheng.

Det er ikkje til å koma forbi at det vi kallar tidsånda, altså dei tankane og ideologiane som råder i samtida, er åndsmakt som påverkar. Også teologien er utsett for tidsånda sitt trykk. Det har vi sett svært tydeleg dei siste åra når det gjeld kjønn, samlivsetikk og ekteskap. Teologien har fylgt etter samfunnsutviklinga.

Teologien er også utsett for trykk frå teologiske skuleretningar og åndeleg trendar. Det kan nokre gonger vera positivt, som ved pietismen. Ofte er det likevel av negativ karakter, slik som ved bibelkritikken og liberalteologien. Ytterleggåande karismatikk og herlegdomsteologi er også uttrykk for usunt og destruktivt teologisk trykk. Her dreier det seg om trykk frå svært ulike hald, men med det resultatet at ein løyser seg frå Guds ord, anten ved ei liberal haldning eller ved svermeri.

Eit av dei tydelegaste uttrykka for teologisk trykk har vi dei siste tiåra her i landet representert ved Menighetsfakultetet (MF). Frå å vera ein teologisk konservativ institusjon i kamp mot vranglæra, har MF utvikla seg til ein teologisk pluralistisk institusjon som undergrev bibeltru teologi og fremjar vrang lære, både på etikkens område og i frelsespørsmålet. Det teologiske trykket ved MF er så sterkt at den eine etter den andre endrar teologisk standpunkt. Det er mange tilsette ved institusjonen, og eg kjenner ikkje kva alle står for, men det er i alle fall ingen som stig fram med bibeltruskap og konservativ teologi på brei front. Det er pensjonerte MF-professorar som er mest konservative.

Det siste og tragiske dømet på dette er professor Terje Hegertun med boka «Det trofaste samlivet». Ved at han som pinsevenn plasserte seg på MF, gjekk han inn under eit teologisk trykk som han ikkje har stått imot. Han har vorte stadig meir forma i MFs teologiske form, sjølv om han framleis er pinsevenn og står for dei klassiske teologiske lærepunkta som definerer pinserørsla konfesjonelt.

I ein svært tankevekkande artikkel, både for pinsevenner og oss andre, i Korsets Seier 11/6, skriv professor Kjell J. Tveter: «Da Terje Hegertun flyttet til Menighetsfakultetet, var det to mulige resultater: Enten ville pentekostal teologi prege MF, eller MFs liberale syn ville prege pinsebevegelsen.» Dette er sjølvsagt unyansert sagt, men det har absolutt eit poeng. Tveter seier at det siste er mest sannsynlig, fordi eit enkeltmenneske umogleg kunne endra MF. Ein person kan nok heller ikkje endra pinserørsla, men Hegertun sitt endra syn i homofilispørsmålet, har stilt pinserørsla overfor ei stor utfordring. Eg vonar dei tek den nødvendige kampen på dette området, ellers er det mykje som vil falla etter kvart. Slik er det teologiske trykket.

Vi er all utsette både for tidsånda sitt trykk og for den rådande fagteologien sitt trykk. Det må vi vera merksame på og ta på stort alvor. Vi må søkja bibeltru og sunn teologisk påverknad. Det teologiske trykket frå MF er diverre svært øydeleggjande på det personlege planet, og for sunt forsamlingsliv og sann misjon.

Johannes Kleppa

foto: Adobe stock