Umoglege mellomstandpunkt

I politikken er mellomstandpunkt og kompromiss svært vanleg, og ofte nyttig. Det er ein del av den politiske arbeidsmåten for å oppnå noko i samfunnet der ein ikkje her fleirtal for sitt primære standpunkt. Mellom dei politiske ytterpunkta vil det ofte i sentrumspartia vera ulike former for mellomstand. I politikken går det prinsipielle og det pragmatiske ofte hand i hand.

I teologien er dette annleis. Her er spørsmålet kva som er sant og rett. I teologien føreheld vi oss til ei openberra sanning. Vi har med Guds ufeilbarlege ord å gjera. I lærespørsmål, anten det er dogmatikk eller etikk, er det rette fastlagt i Skrifta, og poenget for oss er å finna denne sanninga. I ein del ordningsspørsmål og strategiske spørsmål er det mogleg å finna fram til kompromiss og mellomstandpunkt – og ofte må ein gjera det, men ikkje i spørsmål som Bibelen har avklart.

I oldkyrkja var det mykje diskusjon om kven den treeinige Gud er, og kven Jesus er som person. Her vart det utmeisla ei lære i dei oldkyrkjelege vedkjenningsskriftene, der det er umogleg med mellomstand eller kompromiss. Gud er ein og treeinig. Jesus er sann Gud og sant menneske. Det er ikkje noko midt imellom. På reformasjonstida stod det om frelsesspørsmålet, og reformasjonen meisla ut frelsesprinsippa som ligg i trua åleine og nåden åleine. Det er ikkje rom for mellomstandpunkt der fornufta eller gjerningane får ein posisjon.

No har MF-professor og tidlegare leiar i pinserørsla, Terje Hegertun, gitt ut ei bok om samlivsetikk, «Det trofaste samlivet». Her meiner han seg å gje uttrykk for eit mellomstand når det gjeld homofilt samliv og likekjønna ekteskap. Han anerkjenner det, men ikkje alt som har fylgt i kjølvatnet av det. Pragmatiske sett kan det då karakteriserast som eit mellomstandpunkt, men ikkje prinsipielt sett.

Saka er det at det ikkje er mogleg med eit mellomstandpunkt i sjølve saka. Anten er homofilt samliv rett eller så er det galt, og anten er likekjønna ekteskap rett eller så er det galt. Ein kan ikkje samstundes både vera for og mot homofilt samliv, og ein kan heller ikkje både praktisera det og ikkje praktisera det. Det same gjeld likekjønna ekteskap. Det er anten eller, som i så mange bibelske spørsmål.

I teologiske spørsmål er mellomstandpunkt nesten alltid eit steg på vegen over i totalt motsatt syn av det ein har hatt. Mellomstandpunktet inneber at ein har forlatt sin tidlegare posisjon. I dette høvet vil det seia at ein har forlete det klassiske synet på samliv og ekteskap, og då nyttar det lite å kalla det nye standpunktet ei mellomstandpunkt. Det vert ikkje meir rett av den grunn.

Hegertun sin boktittel er nokså talande, ved at vekta ligg på det «trofaste», og med det har han innteke ein posisjon som samsvarar med det politisk korrekte, og han har forlete den posisjonen som tek utgangspunkt i skapinga og syndefallet, slik Guds ord lærer det. Det vil vera avgjerande for både det frikyrkelege Noreg og organisasjonane som har sitt arbeid knytt til bedehuset, at ein ikkje går inn på den vegen professor Terje Hegertun har staka ut. Det vil vera åndsøydande og føra til åndeleg død.

Johannes Kleppa