Då Ole Andreas Meling tok over som Daglig leder Misjon Sarepta, gjekk Hans Bergane over i ny stilling med tittelen Leder Norden. Vi tenkte då at dette motsvarar tittelen Leder utland, som omfattar arbeidet utafor Norden, og då mest i Spania. Over begge desse stillingane står Daglig leder Misjon Sarepta, som har det overordna ansvaret for heile arbeidet.
Dette svarar til at andre organisasjonar har ein generalsekretær som øverste leiar, og så er det leiarar for ulike delar av arbeidet.
Etter kvar kom ein til at tittelen Leder Norden ikkje var heilt god, og Hans Bergane ønskte endring av tittel, men ikkje av arbeidsoppgåver. Tittelen kunne gje inntrykk av større ansvarsområdet enn det faktiske arbeidet tilseier, og dessutan hadde folk problem med å skilja denne tittelen/stilling frå tittelen og stilling dagleg leiar.
Styret har difor vedteke å endra Hans Bergane sin tittel til Leder møtevirksomhet Norden. Den tittelen fokuserer sterkare på kva som er hovudoppgåva i denne stillinga, og kva arbeidet faktisk går ut på. Det dreier seg om å skapa møteplassar mellom folk og Guds ord. Det dreier seg om møteverksemd og forkynning. Hans Bergane si oppgåve er å utvirka så mykje forkynning som mogleg i Noreg, og helst også i Sverige og om mogleg andre stader i Norden. Det dreier seg om einskildmøte, bibelhelger, møteveker, evangeliske aksjonar og kva det elles måtte vera.
I dette arbeidet er forkynninga ei prioritert oppgåve for Hans, men også det å leggja til rette for andre nådegåver. Det gjeld å finna folk med nådegåver som kan gå inn i lønna stilling i Sarepta, og det gjeld å få ut ulønna medarbeidarar til å forkynna Guds ord. Sarepta vil gjerne bidra til at det skjer på stader der det er lite eller ikkje møteverksemd, og då må ein ofte invitera seg sjølv til å ha møte. Dette krev mykje arbeid, men det er noko Hans Bergane brenn for, og med det passar den nye tittelen godt – og styret er svært glad for dette engasjementet, og vonar forkynningsverksemda stadig kan utvidast.
Johannes Kleppa, formann styret Misjon Sarepta