Når ein biskop rettleier

Eg har vurdert att og fram om eg som overskrift skulle skriva «Når ein biskop rettleier» eller «Når ein biskop villeier». Begge delar kan brukast. Det dreier seg om Oslo biskop, Kari Veiteberg, som har skrive boka «Store spørsmål – korte svar», som er retta mot ungdom. Ho meiner å rettleia, og på sett og vis gjer ho det, men i realiteten er store delar av hennar rettleiing, villeing – når ein legg bibelsk mål på det.

Prestar og biskopar får rett som det er spørsmål frå ungdom gjennom konfirmantarbeid, ungdomsarbeid og ved visitasar. Det er prisverdig at ein biskop vil gje ærlege svar på spørsmåla som vert stilte, men det er tragisk at svara er så lite bibelforplikta. Det må jo gå galt når biskopen seier at det viktigaste for henne er «å snakke med dere om hvordan vi skal leva sammen på denne jorda». Det er sjølvsagt viktig, men kristent sett er det viktigaste at vi vert frelste og korleis vi vert det. Det er det hovudspørsmålet biskopar er sette til å svare på.

Spørsmål av meir allmenn karakter får stort sett greie og politisk korrekte svar. Ved spørsmål av typen «Hvorfor skapte Gud myggen? Hva godt gjør den?», er det også ein vis humor i svaret.

Det er i sentrale etiske spørsmål og i sjølve frelsespørsmålet svara anten vert unnvikande eller direkte feil. Då hjelper det lite om svara er rette i andre spørsmål. Sentrale bibelske tema som forsoning og rettferdiggjering er anten fråverande eller sterkt nedtonte, også i spørsmål som inviterer til å løfta fram dei bibelske kjernesanningane.

Synd er i hovudsak forstått som det som truar livet, skaparverket og det som er godt, men ikkje som opprør mot Gud og lovbrot i høve Guds heilage vilje. Spørsmålet om djevelen vert omtalt som «kjempevanskelig». At det finnes vondskap i verda er klart, men «om vi skal snakke om en ond makt, eller putte det på en skikkelse, det er jeg usikker på», skriv biskopen, og undergrev med det djevelen som ein reell person.

I spørsmål som gjeld samlivsetikk og ekteskap, er rettleiinga konsekvent villeiande. Sex før ekteskap er ikkje synd, og sambuarskap, homofile forhold og likekjønna «ekteskap» er ikkje berre greit, men godt. Rett nok vert ekteskapet framheva, men det får ingen eksklusiv posisjon – aller minst som ei ordning for mann og kvinne.

Frelsesspørsmålet vert uklart, både når det gjeld korleis ein vert frelst og kven som vert frelste. Biskopen skriv: «Vi kan faktisk ikke vite sikkert om alle blir frelst, men som kristne bør vi håpe og be om det.» Det siste er greit, men Bibelen er krystall klar på at det er folk som går fortapt. Det er uklart om fortapinga finst, sjølv om biskopen ikkje kan seia at ingen kjem dit, men heller ikkje at nokon gjer det.

Når det gjeld Bibelen og bibelsynet er det fleire uklare og villeiande svar. Her gir ho eit svar som eg fryktar nokon kvar av oss har gitt, sjølv om det er feil. På spørmål om det er noko i Bibelen ho finn «problematisk», svarar Kari Veiteberg: «Ja, mye.» Sjølv om det kan opplevast slik, er det likevel feil. Til grunn for det lutherske læreprinsippet «Skrifta åleine» ligg det synet på Skrifta som Guds ord, at ho er klar og utan indre motsetnader. Det uklare og problematiske ligg i hovudet vårt, ikkje i Bibelen.

Det trengst anna rettleiing til ungdomen enn den Oslo biskop gjev, og det er vår oppgåve som seier oss å vera bibelforplikta, å gje slik rettleiing – sann bibelsk rettleiing. Andens kome pinsdag gjer det mogleg, fordi vi då har Ordets openberring og openberringsande.

Johannes Kleppa

Foto: Adobe Stock