Vårt Noregs Gud

Det er på nytt nasjonaldag, om enn ein ny korona17.mai. 17. mai er kanskje den mest «kristelege» dagen vi har i heile året, fordi nasjonalsongane vart skrivne ut frå kristen tenking. Fleire at desse songane er nokså dristige i sin språkbruk, kristent sett. Dei hadde nok sett heilt annleis ut om dei hadde vorte skrivne i dag. Det er faktisk spørsmål om det ville vore mogleg å skrive nasjonalsongar i dag, slik globalismen og multikulturalismen råder – i alle fall ville dei vore frie for kristen tenking.

Nasjonalsongane legg til grunn at vi har fått landet av Gud, og at han har folket i si hand. I 1907, altså kort tid etter unionsoppløysinga frå Sverige, skriv Andres Hovden: «Fagert er landet du oss gav, Herre, vår Gud og Fader.» Han syng om at Guds åsyn lyser over «vårt Noreg i nåde». Det er altså ikkje berre snakk om Guds skaparvilje, men om Guds nådige handling med landet. Det er Gud som gjev folket «livd og fred». Ja, Gud er «Noregs los»!

Guds forholdet til landet og folkets forhold til Gud får eit absolutt uttrykk i at Gud vert omtalt som «vårt Noregs Gud». Landet og folket er avhengig av Gud på alle måtar, og difor vert det også bede: «Lær oss å gi dine vegar!» Det vert bede om Guds signing over folk og land, over arbeid og matproduksjon – elles visnar alt.

Landet er gjeve av Gud, og han er landets los og landets Gud, og då er det naturleg å avslutta slik: «Ver du oss ljoset og livet!»

Eg har halde ein del talar på 17.maifestar på bedehuset, og då har eg fleire gonger gått gjennom nasjonalsongane og sentrale dikt. Det gjev perspektiv og ettertanke til vår avkristna tid, og til slik det vert tenkt og handla i dagens Noreg. Det er framleis ei sanning at Gud er «Noregs Gud», og at land og folk er i hans hand, og at alt er avhengig av Gud. Likevel har det norske folket «avsett» Gud, og sett seg sjølv inn i hans plass. Det har skapt egoistisk materialisme og devaluering av livet ved fosterdrap.

Det opprøret mot Gud og hans gode vilje som no har pågått i fleire tiår, må før eller seinare få sine negative konsekvensar. I Det gamle testamentet les vi stadig om Guds dom over land og folk som har gjort opprør mot han, og som har teke seg andre gudar. I Noreg har vi teke oss sjølve som gud. Mennesket har opphøgde og hovmoda seg. Det straffar seg før eller seinare.

Fram til og med siste verdskrigen var det vanleg kristen tenking å sjå krig, ulukker, pest og andre typar katastrofer som uttrykk for Guds straff og tukt, og som Guds kall til omvending. Det forkynte både prestar og biskopar, generalsekretærar og emissærar, samt frikyrkjeleiarar av alle valørar, sterkt og tydeleg. Det har vore lite av den salgs røyster siste året i samband med koronapandemien. Det synest heller ikkje som at folk i denne situasjonen har søkt Gud meir enn ellers, og styresmaktene har heller ikkje oppmoda til å be om Guds hjelp, nåde og vern.

Det er godt å kunna tenkja at Gud er «vårt Noregs Gud», men det er også skræmande med tanke på folk og styresmakt si haldning til Gud. Vi som set vår lit til Gud, får fylgja Ordets formaning om å be for styresmakta og folket.

Johannes Kleppa

Foto: Adobe Stock