Ein oppbyggeleg trykkfeil

I andaktsboka som vi for tida brukar, var det her ein dag ein litt talande og oppbyggeleg trykkfeil. Det vart vist til at dei første kristne helsa kvarandre med orda «Jesus lever! «eller «Herren er oppstaden»! Trykkfeilen gjorde «Jesus lever!» til «Jesus levert!». Den vesle t-en som hadde lagt seg på slutten, var ikkje så dum. Med denne kom det fram ei ny meining.

Ja, Jesus lever, men Jesus er også levert. Faderen levert Jesus til jorda for å sona syndene våre. Det gjorde Jesus fullkome, slik at også døden måtte levera Jesus frå seg. Jesus er levert tilbake til Faderen og han er levert til oss – til vår rettferdiggjering.

Det er objektivt sant at Jesus er levert, først frå Faderen og så frå døden – anten folk trur det eller ikkje, men Jesus er og vert levert på anna vis – på det personlege planet.

Når Ordet vert forkynt, vert Jesus levert til oss. Ordet – og sakramenta – er nådemiddel, som formidlar eller leverer Jesus til menneske. Den som ved nådemidlet tek imot Jesus, har fått han inn i livet sitt som frelsar og Herre. Jesus er ikkje berre levert på døra, han er levert inn i hjarta vårt som gåve og nytt liv, som personleg eige.

Det er det som skjedde då Jesus kom til jorda og sona synda vår, og det som skjedde då Jesus stod oppatt frå dei døden, som vert den einskilde til del ved nådemidla. Mennesket er heilt avhengig av at Jesus vert levert til oss på denne måten, fordi ingen av oss ville ha kome på eller vore i stand til å henta Jesus inn i livet sjølv. Jesus lever, og må verta oss levert.

Misjon og all formidling av Guds ord er å levera Jesus vidare til andre menneske. Det er mykje godt vi kan levera til folk, men ikkje noko måler seg med denne gåva. Det finst ikkje noko større enn misjon, same kor denne føregår, fordi ein då får levert det største – Jesus til frelse og evig liv.

Trykkfeilar kan vera artig og latterlege, dei kan skapa forvirring og mistyding, men dei kan også vera talande og oppbyggelege – Jesus lever og Jesus levert!

Johannes Kleppa