Hauge og påske

Hans Nielsen Hauge vart fødd 3. april 1771. Det gjer at 250-årsdagen for hans fødsel fell saman med årets påskefeiring. 5. april 1796 hadde Hauge den åndsopplevinga som forma resten av livet hans. Då var han altså 25 år og 2 dagar gamal. Det er ufatteleg kor menneskeleg og åndeleg moden han straks steig fram. I realiteten var det påskebodskapen som var den skapande og formande krafta i livet hans, sjølv om det vert omtalt som Andens opplysning og kraft. Anden gjer si gjerning ved Jesu forsoningsverk og Ordet om krossen.

Det vert fokusert på mange sider ved Hauge, hans person, hans liv og hans gjerning, i samband med 250-årsjubileet. Sjølv om Hauge møtte mykje motstand både frå stat og kyrkje, vil omtrent alle no ta han til inntekt for seg. Det seier mykje om det som skjedde ved Hauge og den posisjonen han fekk. Hauge kan slik sett både verta brukt og misbrukt, tolka og mistolka.

Dersom vi skal finna eitt punkt å orientera Hauges gjerning og verknad ut frå, trur eg det må vera haldninga hans til Bibelen som Guds ord. Han var i alt forplikta på Ordet, og han la vekt på at Guds ord skulle vera rettesnora og det som fekk verka i alle samanhengar. Det har i det siste kome ut tre bøker av Hauge i modernisert språkdrakt. Når ein les desse, er det påfallande kor mykje han siterer frå Bibelen og kor forplikta han er på Ordet. Når han kritiserer prestane, er det det fordi dei i liv og forkynning ikkje heldt seg til Ordet. Den store skaden i samfunnet er at Guds ord ikkje har den rette plassen.

For Hauge var det ein kamp og ein strid å halda seg til Guds ord, og la det få avsløra synda, gje omvending og tru på Jesus Kristus. Er det noko vi kan og bør læra av Hauge, er det nettopp dette. Ved feiringa av 250-årsjubileet vil det nok i hovudsak vera Hauges gjerning og virke som vert løfta fram, med det går ein forbi det som skapte dette. Det var ikkje berre vekkingslivet ved Hauge som hadde sitt utgangspunkt i Guds ord, men også alt han gjorde i næringsliv og samfunnsliv. Det vert ikkje noko haugiansk samfunnsliv om ein ikkje vender tilbake til hans haldning til og forplikting på Guds ord. Det vert som skal utan kjerne, som avskorne blomster.

Hauges fødsel og åndsoppleving var altså rundt påsketider. Det kan gje grunn til litt refleksjon om Hauge og påske. Når ein les Hauge sine bøker, og slik han og andre haugianarar skildrar kristenlivet, er det mykje om lengsel og kamp. Det er lengsel etter samfunn med Gud, og det er kamp for eit rett gudsliv. Det er mykje om synd og omvending, om syndefordervet og verda, om satan og freisting, om nederlag og siger. Det er også ord om nåde og Jesu død på krossen, men det er lite eller ikkje utlegging av forsoninga og rettferdiggjeringa. Lovens ord har større plass og lyder med større tyngde enn evangeliet.

Dette var styrken med haugianismen slik åndssituasjonen var rundt 1800, men det var også veikskapen fordi det vart for lite åndeleg frigjering og åndeleg bærekraft. Det måtte til ei tydelegare forståing av lov og evangelium, og det kom også etter kvart, og det kom med særleg tyngde ved den rosenianske vekkinga. Etter kvart overtok det rosenianske så sterkt at den evangeliske tonen kan ha vorte for einsidig. Der lovens ord ikkje får gjera si gjerning, bit heller ikkje evangeliet skikkeleg. Det kan vera at vi skal henta dei haugianske forkynningstonane innatt saman med dei rosenianske. Luther skal ha sagt at det «det krevst mykje salt til ulvekjøt».

Johannes Kleppa